- Sjølv om det er vanskeleg å vurdere nivået i slike terrengløp, så leverte nok både Brøndbo og Dessalegn sterke løp, fortel den norske leiaren, Nils Hetleflåt, til Kondis. 38 år gamle Hetleflåt sprang sjølv og var ikkje mange minuttane etter ungdommane i den 8,5 km lange løypa. - Det var ei grei rundløype på 1700 m som vi sprang fem gonger. Somme stader var det sleip leire, og det gjorde at dei som sprang med korte piggar fekk problem med festet, fortel Hetleflåt. Joachim Brøndbo opna kontrollert og jobba seg gradvis opp i feltet. Fram til den kenyanske vinnaren var det ikkje meir enn 43 sekund. Neste viktige konkurranse for Brøndbo blir innandørs-NM der han er påmeldt på både 1500 og 3000 meteren.
Alle resultat Heimesida til arrangementet |
Artikkelen fortsetter under annonsen