I år blir minstealder i konkurranseklassane senka til 16 år og yngste aldersklasse blir 16-17 år, deretter 18-19 år og 20-22 år. Vidare oppover blir det som før !¨ Denne endringa gjeld for både Fanaråken Duatlon og Turtagrø-Fanaråken Opp ! Sjå praktisk info på løpets heimeside www.fanaraaken.com . IL Fanaråk og medarrangør Kondis trur at denne endringa vil bidra til større deltaking i dei yngste aldersgruppene og til nyrekruttering til motbakkeløp generelt. Erfaringa også frå andre løp som Skåla 1848 m rett opp, der det deltok heile 30 stk i kl. 17-22 år , er at det bør innførast juniorklassar slik det no blir gjort i Fanaråken Duatlon og Turtagrø-Fanaråken Opp. For å markere denne endringa har sponsor PUMA Norge AS sett opp ekstra-premie til vinnarane av yngste klasse både i Duatlon og Turtagrø-Fanaråken Opp i form av ein sjekk der vinnarane kan ta ut utstyr frå PUMA Norge AS for kr. 2.000,- med verdi etter veil. utsalgspris. Dette får dei i tillegg til ordinær klassevinnarpremie frå PUMA Norge AS og den øvrige premieringa. Arrangøren håpar å få mange 16-17-åringar på startstreken den 12. august 2006 ! Ver tidleg ute med påmeldinga. Det er deltakarbegrensing på 300 i konkurranseklassane. Mvh for IL Fanaråk og Kondis Christian Prestegård Vise-president i Kondis - norsk organisasjon for kondisjonsidrett - Tlf 99 52 11 99 christian@prestegaard.no | ||||
|
Artikkelen fortsetter under annonsen