39-åringen Jon Tvedt, som tidlegare er mest kjend som orienteringsløpar på nasjonalt toppnivå med 10 NM-gull har i sommar også vist seg fram som vår klart beste løpar i den nye populære friidrettsøvinga motbakkeløp med over 30 løp Norge rundt med flest løp på Vestlandet. I fjor blei Fanaråken Duatlon vunne på ny løyperekord ( 1t. 51 min) av 21-åringen Arne Post som blei dobbelt verdsmeistar i vinter-triatlon, i 2002 for junior og i 2003 for ungdom. I 2001 blei han Noregsmeistar i Duatlon for junior. Post blei i fjor også årets superbirkebeiner med samanlagt siger i dei tre konkurransane som inngår; Rennet, Rittet og Løpet) . Post får i år knallhard konkurranse av m.a. skiløparen Odd-Bjørn Hjelmeset , syklisten Knut Anders Fostervoll ( tidl. elite fotballspelar ) og ikkje minst Joar Tistel frå Vik som nyleg slo Post med 5 minuttar i Birkebeinerrittet. Nivået i år blir svært høgt, men Jon Tvedt seier til avisa Vårt Land at han i alle fall ikkje vil la seg slå av ein skiløpar ! Tvedt er no også storfavoritt i kampen om samanlagt prisen på kr. 10.000,- for Skåla 1848 m rett opp og Fanaråken Duatlon. Dersom ein og same løpar vinn Fanaråken Duatlon og samanlagtpemien vil vedkomande kunne innkassere kr. 25 .000 i premiar. Motbakkeløp er i vinden som aldri før og i motbakkeløpet Turtagrø - Fanaråken Opp som startar samstundes som duatlon , ved Turtagrø Hotel 870 høgdemeter og 16km lengre opp, stiller årets NM-vinnar og motbakkedronning Anita Håkenstad Evertsen som favoritt i dameklassa med fjorårsvinnar Ine Wigernæs og den rumenske landslagsløparen i orientering Zuszsa Fey ( representerer IL Tyrving) som dei sterkaste konkurrentane. I Skåla 1848 meter rett opp 13. august blei det ny deltakarrekord, fjerde året på rad, med 1020. Sjå www.skaala.no. Det blir også ny deltakarrekord i Fanaråken Duatlon med Mosjonsløpet / Toppløpet Turtagrø - Fanaråken Opp som i fjor hadde 225 deltakarar. I skrivande stund 5 dagar før løpet er det påmeldt over 260 deltakarar og det er venta over 100 etterpåmeldingar. Sjå samlesida for Fanaråken Duatlon på kondis.no: . Vidaresend gjerne denne nettadressen til andre du kjenner som har interesse av unike OPPTURAR OG TOPPTURAR ! Ha ein praktfull dag på (T)OPPTUR ! MvhChristian Prestegård, Visepresident i Kondis - norsk organsisasjon for kondisjonsidrett og leder for motbakkeløputvalget i Norges Friidrettsforbund tlf. 99 52 11 99, Epost: cp@terra.no Kondis er medarrangør i Fanaråken Duatlon og Turtagrø-Fanaråken Opp | ||||
|
Artikkelen fortsetter under annonsen