|
Silomaleriet |
Her ved den landskjente siloen på garden Egge med måleri av Eggenipa gjekk stareten. Vi ser raude løypeband oppover i lia |
Arrangørfamiliane Hjelle og Solheim |
Arrangørfamiliane Hjelle og Solheim på veg opp i det sugande myrterrenget. Frå venstre: Anna, Kjersti, Rebekka og Siv Hjelle. Dag Solheim til høgre. |
Kristin Felde, Generalsekretær i Norges Skiforbund på heimebane ! |
|
Fotograf og skribent Anne Jenny Dvergsdal |
Fotograf og skribent Anne Jenny Dvergsdal i bratthenget med 975 m fritt fall ned i Våtedalen. Her bør det ikkje kome 10 løparar samstundes
Då blir det ventetid på å kome opp ved hjelp av tauet. |
Totalvinnaren kom for fort |
Totalvinnaren, og dagens overraskelsesmann Arve Rindal frå Eid fotografert på nedtur. På opptur kom han så fort på fotografen at det måtte takast nytt bilde på nedtur. Han kom også frykteleg fort på favoritten Roger Å Djupvik som han slo med 2 min. og 20 sek ! |
Favoritten |
Favoritten Roger Å. Djupvik frå Hyen tok ei klar leiing dei fyrste 300 høgdemetrane men blei passert og løpt frå av ung-gutten Arve Rindal i myrterrenget |
Asgeir Årdal |
Asgeir Årdal frå Jølster har akkurat klatra opp bratthenget forbi "Tau- og kjetting-partiet" og ser opp mot mål 200 høgdemeter ovanfor. |
Jon Egge frå Jølster |
|
Kåre Olav Kusslid |
Kåre Olav Kusslid frå Førde får med seg det flotte utsynet ned mot Eggestøylen |
Julie Kristin Ness |
Julie Kristin Ness ( GFIL ) blei nr. 2 i dameklassa |
Henry Hammersand ( Stil) |
|
Ronny Egge |
Ronny Egge frå Breimsbygda tok med seg drikke opp til topps og det var lurt for det var kun ein drikkestasjon etter kun 10 min løping.Neste år har arrangøren gjeve signal om at det blir fleire drikkestasjonar . Dessutan vil dei vurdere å gjere som arrangørane av Skåla 1848 m rett opp og Fanaråken Duatlon å innføre påbod om bruk av sekk som må vege min 2,5 kg. I sekken skal det vere varme klede og ekstra mat/drikke. |
Ole Magne Kvalsvik |
Ole Magne Kvalsvik Åheim har kun eit steg igjen til målstreken. |
Vise-President i Kondis og springande Kondis-skribent Christian Prestegård |
"Motbakkeløp-general"og Leiar i Norges Fri-idrettsforbunds motbakkeløputval Christian Prestegård til topps med høgtsvevande entusiasme og begeistring for eit flott arrangement som har eit stort vekstpotensiale. |
entusiastisk funksjonærgjeng |
På nedtur traff vi ein entusiastisk funksjonærgjeng frå Breimsbygda IL som var på opptur for også å få nyte det praktfulle utsynet frå toppen |
gøy å klatre i "kjettingpartiet" |
På nedturen syntes Anne Jenny at det var så gøy å klatre i "kjettingpartiet" at ho tok ein ekstratur opp for å illustrere "rappellering" med kjetting. |
Eggenipa med naturleg matstasjon |
Eggenipa Opp baud på ein storslagen meny av naturopplevingar. Til dessert fekk vi ete oss mette på molter i Eggenipas "naturlege matstasjon" moltemyra.Dette gav meirsmak. Vi kjem garantert tilbake neste år og håpar at løpsdatoen blir 30. juli ! |