Løpet vart arrangert for 23. gong. Denne gongen var påmeldinga på førehand dårleg, men dei to siste dagane kom det mange. Arrangørane opplyser at det er ein liten nedgang i deltakartalet frå i fjor, men interessa er stor nok til at dei held fram neste år. Alle som deltok var oppmoda om å ta med seg ein til neste gong. Det burde gå bra, ei så fin og lett løype bør vera eit attraktivt reisemål for kondisfolk frå fjern og nær. Beste resultat:
Resultatliste | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Helge Hafsås har vunne Jølster maraton 7 gonger før, og hadde som vanleg full kontroll frå start. Maraton: Kim Aarli Larsen var nr. 2 i klasse 40-44 år. Maraton: Bjørn Gjerde har delteke i Jølster maraton 21 gonger. Maraton: Ludvig Tennebekk og Willy Hamre Maraton: Helge Fuglseth med Anders Knut Molland på slep Maraton: Tore Trohaug og Dagmund Ramsdal Maraton: Jarl Sægrov og Leif Feøy Maraton: Torstein Østevik. Bak kjem geir Dybdahl i gult og Tormod Hansen i grønt Maraton: Tom Rune Berthelsen frå Drammen Maraton: Odd Wilhelm Olsen (nr. 10) og Kjell Kandal Hansen Maraton: Trygve Tveter Halvmaraton: Nils Ove Berge vann halvmaraton i klassen 40-44 år Halvmaraton: Stig Rune Framnes Halvmaraton: Anders Inge Hundere Halvmaraton: Eirik Lindebjerg Maraton: Rune Fossheim Maraton: Sverre Solhaug Maraton: Anders Knut Molland Hilde Mæhlum frå Vik vann halvmaraton på 1.32,39. Harald Olsnes sprang 10 km på 36.38. Maraton: Geir Dybdahl Egil Gulholm, 10 km Inge Asbjørn Haugen er på veg i mål i sin 266.maraton. Han tangerer no norgesrekorden i talet på gjennomførte maratonløp. Norgesrekorden skal han etter planen slå i heimbygda når han spring Hornindalsvatnet maraton den 23.juli. Bak kjem halvmaratonløpar Sture Johansen. Vidar Gjesdal 1.42,09 på halvmaraton. Torunn Kjerstad frå Ålesund på veg inn til 3. beste halvmaratontid blant damene, 1.43.47. Odd Wilhelm Olsen og Liv Astrid Losnegaard som hadde 3. beste tid på 10 km for damer med 45.48. Premieutdeling ved Jølstravatnet. Felespelaren heiter Erlend Apneseth. Han vann klasse C (dei under 18 år) på årets landskappleik på Røros. Anders Torp frå Oppegård var beste halvmaratonløpar på 1.16,50. Far Torfinn Torp vann aldersklassen 50-54 år på 1.17,35. Hans Jacob Berntsen har gjennomført 15 maraton i Jølster. Helge Hafsås Birgit Voll frå Vik debuterte på halvmaraton på 1.39,57. Dette var nest beste tid. Anita Stenevik frå Florø vann 10 km på 41.10. Maraton-debutantar: Oddvar Skogasel frå Strandebarm og Anne Tvedt frå Bergen. Familien Leikvoll har fått litt fleire blomstervasar enn dei hadde før helga. Frå venstre Mailinn som vann klassen 17-29 år på 10 km med 47.06. Lovise vann 12-16 år på 50.56, far vart nr. 3 i sin klasse på maraton, mor var beste kvinne på maraton og Tore André var suveren vinnar i klassen 12-16 år med 42.03. Linda Oh Ah Kiaw frå Singapore var den mest langvegsfarande, og var raskast på 10km i klassen 40-44 år. Her får ho premie av Anders Hegrenes, leiar for hovedkomitèen i Jølster Maraton. Jan Steinar Roset frå Gloppen vart nr. 2 på halvmaraton i klassen 60-64 år med tida 1.37,19. Leif Feøy frå Ålesund vann klassen 65-69 år på 3.27.08. Foto frå løpet: Egil Valle Frå premieutdeling: Oddny Ringheim |
Artikkelen fortsetter under annonsen