Den ulike statusen distansane i mellom vistest mellom anna på premieringa. Medan Hanne Bolstad som vart nummer tre i klasse 35-39 år på maraton, fekk både blomar og 50 euro i pengepremie, var det ikkje premie i det heile tatt til Jessica Gunnarsson som var totalvinnar på halvmaraton. På 10 km og halvmaraton var det heller ikkje skikkeleg km-skilting. Men deltakinga er god og stigande på alle tre distansane. I år var 2935 med på 10 km, 5879 på halvmaraton og 4491 på maraton. Til saman fullførte 13305 løparar, og det var over 30 prosents auke ifrå i fjor da 9982 deltok. Mange norske har òg funni ut at ei helg i Amsterdam kan vera ei fin avslutning på sesongen. Dei 45 norske fordelte seg med 31 på maraton, 8 på halvmaraton og 6 på 10 km. Fleire sette persar og/eller årsbeste og hevda seg svært godt.
Alle resultat | ||||
Jessica Gunnarsson var raskast av alle på halvmaraton | ||||
| ||||
To debutantanter og tre litt meir erfarne maratonløparar | ||||
| ||||
2.06.23 og ny løyperekord på Robert Cheboror | ||||
| ||||
Vakker og variert trasé | ||||
|
Artikkelen fortsetter under annonsen