Klar+til+start+i+Fun%E4sdalen.+Grensestafetten+er+snart+i+gang.+%28Foto%3A+Aage+Aas%29
Klar til start i Funäsdalen. Grensestafetten er snart i gang. (Foto: Aage Aas)
I tillegg til dei 5 elitelaga fullførte 11 mosjonslag den 12 etappar lange stafetten. Det var så få lag at arrangøren ikkje kunne garantere at det blir fleire stafettar over grensa.

- Med så få lag må vi vurdere om vi skal halde fram med å arrangere stafetten, uttalte Aage Aas til Røros-avisa Arbeidets Rett. Aas er arrangementsleiar på den norske sia av grensa. Med tanke på at det neste år er 100-årsmarkering for unionsoppløysinga ville det vera rart om eit slikt samarbeidsprosjekt mellom dei to landa ikkje skulle bli arrangert.

Ein av dei som vil sakne Grensestafetten er Tore Olsen som sprang på Heimdal sitt vinnarlag.

- Eg håper arrangøren kjem på andre tankar. Vi i Heimdal vil iallfall oppmode dei til å fortsette. Det finst ikkje mange slike løp. Det er fine etappar og ei veldig flott ramme rundt stafetten. Vi kjem garantert til å prioritere Grensestafetten framover, sa Olsen til Arbeidets Rett.

RESULTAT

Elite

1. Heimdal 4.19.35
2. Rindals-Troll 4.43.15
3. Klæbu Løperklubb 4.48.27
4. Team Selbu/Tydal 4.48.51
5. Skaun 5.36.42

Mosjon
1. Nord-Østerdal 5.01.27
2. Dalebrand 5.04.29
3. Haltdalen 5.09.26
4. Ålen 1 5.14.29
5. Ålen 2 5.27.57
6. Lundamo 5.28.33
7. Team Selbu/Tydal 1 5.45.21
8. Team Selbu/Tydal 2 5.47.47
9. Klæbu Løperklubb 5.51.11
10. Kitron 5.52.29
11. Lag Z (Sverige) 6.08.42