Ho var den einaste som klarte 13 meters-grensa. I stritt regnvêr fredag kveld avanserte Cecilie Rise 13,02 på sitt hink, steg og hopp. Det var over halvmeteren lenger enn kvinna som kom nest lengst ut i gropa, Maria Høgheim. Faktisk var alle dei seks hoppa til Rise betre enn det beste til Høgheim. Bronsen gjekk til Vibecke Brun.
Maria Høgheim fekk til berre to gyldige sprang, men strekte seg til 12.53 i det siste. Det var årsbeste med ein cm og gav henne sølvmedalje.
Vibecke landa trygt og blautt
Det var ei heller blaut oppleving å hoppe tresteg fredag kveld i Florø. Men landinga vart iallfall mjuk. Her er det Vibecke Brun som tryggar bronsemedaljen med eit hopp på 12.24.
Nina Johannessen stiller årvisst opp i NM
Sjølv om ho ikkje satsar og trenar like mykje som tidlegare, så likar Nina Johannessen å konkurrere. I år vart det fjerdeplass til Tjalve-jenta som opphaveleg kjem frå Kristiansand. Persen hennes er så god som 13.32, sett for to år sia.