To av dei tre gongane Ørsdalen har vori arrangert, har regnet hølja ned. Men det var ingen sure miner å sjå hos dei 40 som sprang halvmaraton i Ørsdalen 20. juni. 14 - det vil seie over ein tredjedel - av deltakarane var kvinner, og det er ikkje så vanleg i så lange løp. Halvparten av kvinnene kom frå Jentejoggen i Sandnes. 14 år og fire barnefødslar etter sin første halvmaraton, sprang Turid Brattebø dei 21 kilometrane på 1,44,00. Dermed blei ho beste dame i Ørsdalen halvmaraton.
| ||||
Regnfull halvmaraton | ||||
| ||||
Ny løyperekord | ||||
|
Artikkelen fortsetter under annonsen