Robert Sørli gjorde unna mila på 33.02 medan kjærasten brukte ti minutt meir. Cathrin har sliti litt med ein hofteskade i det siste, men vann med god margin sjølv om ho ikkje er i sin beste form. På halvmaraton sprang Tom Roger Tangen svært bra og vann på tida 1.14.37. Det var han positivt overraska over sidan han har sykla mykje i det siste: - Tida var litt svakare enn i fjor, men eg er eigentleg godt nøgd. Etter Vefsntråkket sist helg var eg stokk stiv i mange dagar, og eg har berre drivi restitusjon den siste veka. Difor var det artig å få til ei såpass god tid, uttalte Tangen til Helgeland Arbeiderblad etter løpet. Kvinner halvmaraton hadde berre to deltakarar, og raskast var Ann Sissel Vehus frå Vinne i Verdal som sprang på 1.33.39. På heilmaraton var kvinneklassen tom for folk, men på herresida fullførte seks mann, og først i mål var ultraspesialist Eiolf Eivindsen på 2.55.56. Alle resultat Reportasje i Helgeland Arbeiderblad | ||||
Tunge skyer over starten | ||||
| ||||
Sol over blomsterenga og Robert Sørli | ||||
|
Artikkelen fortsetter under annonsen