Miriam sprang Hydro Rundt for femte gong, og bestetida hennes frå før var 18.2O. Haugesunds-jenta har starta sesongen godt, og for halvanna veke sia tok ho bronse i juniorklassen i NM terrengløp. - Jau, det har gått bra i år, fortel Miriam. - I NM låg eg ikkje så bra an undervegs, men ned mot mål klarte eg å spurte forbi fleire andre slik at det vart bronse, fortel Miriam. Neste oppgåve for henne er Langs Åkrafjorden i Etne 15. mai. - Der skal visst også Ingrid Kristiansen vera med, så det blir spennande å sjå om eg klarer å hengje på henne. I herreklassen i Hydro Rundt var det fem mann under 16 minutt. I tillegg til Urige Bota på 14.56 var det Tor Gismarvik på 15.33, Christian Bjørge på 15.44, Morten Velde på 15.49, Johannes Alne på 15.55 og Simon Dybdahl på 15.57. Alle resultat her |
Miriam Berg Hovda sette løyperekord i Hydro Rundt
15 år gamle Miriam Berg Hovda sette ny løyperekord i det 5 km lange Hydro Rundt på Karmøy. Løpet gjekk onsdag 5. mai, og Berg Hovda brukte 17.55. Herreklassen vart vunnen av Urige Bota på 14.56. Hydro Rundt er det største løpet i Rogaland med om lag 2000 deltakarar.
Siste medlemssaker
Annonse