For Råskinnet er ei opplevning og ei utfordring utanom det vanlege. Eit møte med naturen og seg sjølv som ein ikkje opplever til kvardags. Over bekkjer, gjennom myrer og denne gongen opp den fleire kilometer lange Vettakollbakken, heilt opp til Fuglemyra. Før det bars like bratt nedover att - og opp igjen, og ned og opp igjen... Til sist, som alltid, over Sognsvannsbekken som i år var minst like djup som vanleg, etter alt regnet tidlegare i veka. Resultata - namn og tal - kan du lesa hos emit. Her kan du sjå nokre bilete og lesa ord som iallfall fortel litt om opplevinga. |
||||
Konsentrerte Råtassar over bekken | ||||
|
||||
Da Råtassane gjekk på vatnet | ||||
|
||||
Tore ikkje heilt på sporet Amundøy | ||||
|
||||
Den sterkaste bukken Bakken takla bekken | ||||
|
||||
Vinnarar utan orienteringsvanskar | ||||
|
||||
Sveen junior i storform | ||||
|
||||
Sharon - tøffare og konkurransegladare enn Erna | ||||
Og slik kunne vi ha skrivi ei lita soge om kvar av dei over sjuhundre som sprang Råskinnet. Dei er eit bilete og ei forteljing verdt alle saman. Sjå dei for dykk, der dei fer av stad, som kyrne når dei blir sleppt ut om våren. Har ikkje tid til å smake på graset. Kroppen må luftast, føtene danse. Framover, oppover, stangast. |
Artikkelen fortsetter under annonsen