Dei i styret som stod på val, vart alle attvalt. Einaste utskiftinga var at Ellen Wold tok over for Viktor Larsen som varamedlem. Styret ser dermed slik ut:

Stig Vangsnes - president
Per Gunnar Alfheim - visepresident (organisasjon)
Christian Prestegård - visepresident (ekstern kommunikasjon)
Marit Bjerknes - styremedlem
Tim Bennett - styremedlem
Ulf Jacobsen - 1. varamedlem
Ellen Wold - 2. varamedlem
Kondis sitt heidersteikn til Roe Holen
President Stig Vangsnes rekte over Heidersteiknet til Roe Holen som takk for mange års innsats for løpsmiljøet, som arrangør, lokalredaktør for kondis.no og som distriktskontakt for organisasjonen på Sunnmøre.
Heidersteiknet på nært hald
Slik ser ho ut, den eksklusive nåla som Roe Holen og 31 andre har motteki.
Desse har motteki Heidersteiknet:
1972: Jakob Kjersem og Alf Neuenkirchen
1980: Hans-Aksel Graarud og Grete Waitz
1982: Tom Myran
1987: Edith Neuenkirchen, Arnulf Rekkebo, Alf Hjelvik, Børge Hjelvik, Olav Hjelvik, Osvald                   Hjelset, John Systad, Victor Olsen og Ingrid Kristiansen
1988: Viktor Larsen
1989: Henning Høgheim
1990: Torleif Rekkebo og Oddrun Hovsengen
1991: Jon Henden (post mortem)
1992: Henrik Smalberget og Olav Dale
1993: Hans-Jacob Berntsen og Kalle Glomsaker
1994: Ketil Moen og Jens Wollebæk
1996: Per Lind
1998: Kjell Myhrvold
2001: Tore Per Olsen og Inge Asbjørn Haugen
2003: Leif Sommer og Odd Grønli
2004: Roe Holen
Ein som alltid engasjert Helge Brekke
Helge Brekke viste film frå Knarvikmila og snakke med glød om korleis løpet har vori trufast mot sin eigen profil og dei verdiane arrangøren ønsker å formidle.
Harald Fagervold gjer beina til Gisle Sellevold like lange
Harald Fagervold er ein tusenkunstnar av dei sjeldne. Løpsarrangør Fagervold fekk i løpet av få år 2500 fosningar til å stille opp i det 16 km lange Botn Rundt. Lærar Fagervold fekk heile ungdomsskoleklassen sin til å springe halvmaraton i Fjellmaraton. Kurator Fagervold er spesialist i qigong, og her får han den kortaste foten til Gisle Sellevold til å bli halvannan cm lengre.
Forsamlinga noterer krusedullar i blokka
Jau, det var ting å ta med seg - inn i det som ganske så sikkert blir eit godt nytt Kondis-år. Etter landsmøtet fór mange av møtedeltakarane til Kongsvinger eller Fredrikstad for sjølv å praktisere kondisjonsidrett.