for kondis.no på Fanaråken Christian Prestegård
Resultatliste Fanaråken Duathlon 2003
Fanaråkens hjemmeside
Presseklipp:
Nest beste råtassen i duathlon Varden
Sterk prestasjon av Holte Karlsen Telen

Aldri tidlegare har det vore arrangert eit slikt løp med så stor høgdeskilnad mellom start og mål i Europa ! Løpet startar med 16,0 km sykling ( på asfalt ) frå Skjolden/ Lustrafjorden til Turtagrø 875 m.o.h. og deretter 8,4 km løp/gang i terrenget opp til nord-Europas høgast liggjande turisthytte på Fanaråken 2068 m.o.h.
 
I SOGN OG FJORDANE fylke har no to ulike motbakkeløp sett rekordar i høgdeskilnad, Skåla 1848 m rett opp i Stryn Kommune ( med 1820 m. ) og Fanaråken Duathlon med 2068 m heilt innerst i Sognefjorden i Skjolden og Turtagrø i Luster Komune!
Årets Fanaråken Duathlon 30. august blei arrangert ( ”i hu og hast” etter kun 14 dagars planleggingstid !) som eit testløp og generalprøve før neste års storsatsing 21. august med 2 ulike løp: Duathlon frå Skjolden til Fanaråken ( høgdeskilnad 2068m) og Mosjonsløp for ALLE ( både med og utan tidtaking) frå Turtagrø til Fanaråken ( høgdeskilnad 1200 m).
Årets løp blei ein stor arrangementsmessig suksess for Fanaråk IL med god hjelp av værgudane som varta opp med sol frå tilnærma skyfri himmel. Løpsleiar Anders Fortun var særs glad for at det blei eit prøveløp. Samtlege 19 inviterte deltakarar i dette unike prøveløpet kom TIL TOPPS på Fanaråken med entusiasme og begeistring. Alle var med på å lage ny norsk idrettshistorie ! ALLE SOM KOM TIL TOPPS VAR VINNARAR og fekk denne dagen store solfylte og unike naturopplevingar med praktfullt utsyn og 360 graders vidsyn.
I denne artikkelen finst det ikkje ord for å skildre opplevingane. Ord som praktfullt, storslagent, fantastisk, unikt, einestående, ekstremt m.m. strekk ikkje til og blir mangelfulle: Heldigvis hadde eg ein halv kilo ekstra i sekken, som måtte vege minst 2,5kg, i form av eit fotoapparat og fekk teke bilder som i denne artikkelen får hovudoppgåva å formidle opplevingane våre. Dei seier og fortel meir enn ord !
Knallhard duell og kamp om seieren og retten til å ”eige” tidenes fyrste offisielle løyperekord i 11 månader. Den lyder no på 2.10.27 og tilhøyrer Jon Inge Kusslid frå Førde.
To multisportatletar og motbakkespesialistar var i ein særklasse og kjempa ein knalltøff duell skulder mot skulder oppover fjellsida og i mål skilte det kun 2 sekundar mellom vinnaren Jan Inge Kusslid frå Førde og telemarkingen Jan Holte Karlsen frå Notodden Sykkelklubb. Dei var over 14 minuttar før nr. 3, Kjell Olav Kusslid frå Haukedalen. Bildet viser den utrulege spurtduellen.
Trykk på bildet for STOR utgave - Foto: Kåre Steinar Skagen
Jan Holte Karlsen som både konkurrerer i løping, på sykkel og langrenn fortel at han etter syklinga leia med vel eit og eit halvt minutt på Jon Inge, men tapte mykje på skiftinga av sko på Turtagrø og blei teken igjen tidleg i den siste lange bratte kneika opp mot Fanaråken. ( PÅ 3,5 km stig du 1100 høgdemeter).
 
 
 
 
I Fanaråken Duathlon var det ikkje berre ein vinnar, det var 19 !
som alle var med på å lage ny norsk idrettshistorie. Dei vil for alltid stå i ”historiebøkene” som dei fyrste. Dei 19 fortener alle ein hedersplass i artikkelen og blir her er nemnt frå den yngste på 17 til eldstemann på over 60:
 
Svein Arne Haugen, Bjarte Haugen, Jon Inge Kusslid, Jan Holte Karlsen, Kjell Olav Kusslid, Rune Aarhus, Per Henning Nybø, Oddgeir Bukve, Thor Arne Dommersnes, Joar Egner, Kai Kvalsøren, Yngve Nymark, Håvard Rognerud, Arne Johannesen, Torkjell Sollesnes, Reidar Bøye Sviggum, Christian Prestegård, Olav Kåre Kusslid og Hans Kvalsøren.
 
Nedanfor er 14 av dei samla til felles feiring av ein unik multisportprestasjon ( sykling, løping og gang ) i eit unikt arrangement. Menneskekroppen er skapt for motbakkar !
Trykk på bildet for STOR utgave - foto: Arrangør
Begeistring og glede på toppen av Fanaråken. Heilt i bakgrunnen ser vi Jostedalsbreen og ned bak den høgre armen til superveteran Hans Kvalsøren frå Il Bjørn ( Luster Kommune) ser vi ned mot Lustrafjorden og startområdet i Skjolden. Her kan vi snakke om multidimensjonale opplevingar og belønningar for innsatsen. Eg låner eit sitat frå Arne Garborg: ” Om bakkane kan væra tunge stundom, så er det så mykje gildare når ein fyrst hev vunne høgda”. Sjølv venta eg så lenge som mogeleg med å reise ned frå Fanaråken denne praktfulle dagen for å få mest mogeleg valuta for innsatsen. Stemninga på toppen var einestående entusiastisk og positiv og det blei mange spirituelle og fjellfilosofiske samtaler både med deltakarar og andre fjellturistar som det denne dagen var ekstra mange av på Fanaråkhytta.
Trykk på bildet for STOR utgave - Foto Christian Prestegård
Begeistring og glede blant deltakarane også med Skagastølstindane i bakgrunnen !
 
Alle deltakarane fekk praktfulle medaljer:
Trykk på bildet for STOR utgave - foto: Foto Christian Prestegård
Dei to raskaste Jan Holte Karlsen og Jon Inge Kusslid ( startnr. 6) viser stolt fram den ekstra flotte Fanaråk- Duathlon-medaljen. I bakgrunnen Fanaråkhytta der hyttesjef Joar Handeland serverte deltakarane god og kraftig lapskaus. Det er viktig med rask tilførsle av næring etter krevande fysiske aktivitetar .Før start fekk også deltakarane XL-1 sjokolade og Nøtti-Frutti (Nøttemix med rosiner og tørka frukt frå Den Lille Nøttefabrikken ) til å putte i sekkane som næringsrik proviant og sørga for at deltakarane fekk ny energi til å gå ned igjen til Turtagrø etter løpet. Alt kom godt med !
Trykk på bildet for STOR utgave - foto: Christian Prestegård
Dei to raskaste , Jan Holte Karlsen og Jon Inge Kusslid med Jostedalsbreen i bakgrunnen.
Er ikkje medaljane flotte ! , jau men utsynet og vidsynet er ikkje så verst det heller !
 
Påbudt med sekk på løpsdistansen frå Turtagrø til Fanaråken og forbod mot sko med metallpiggar
Løpet er ei kraftprøve av dei sjeldne og alle deltakarane må ha sekk med minimum 2,5 kg på ryggen frå Turtagrø til Fanaråken. Deltakarane må sjølve bære med seg kle og mat for turen (både opp og ned!). Det skal vere varme kle i sekken, for det kan vere kaldt på toppen ! Då vi starta frå Skjolden kl. 10.30 var det + 14 grader og minus 2 grader på Fanaråkhytta !
 
Racer- eller offroadsykkel på sykkeletappa ?
Heile sykkeletappa går på asfalt. Frå Fortun til Turtøgrø er det svært bratt stigning . Du klatrar over 830 høgdemeter på 10 km. Dersom du brukar racersykkel bør du ha testa om det lettaste giret er lett nok for deg til så lang og bratt stigning. I dette prøveløpet var det mange som sykla på offroadsykkel i staden for racersykkel fordi offroadsykkelen har lågare/ lettare gir …Sjølv hadde eg sett på offroad-klinge 34 bak på min racersykkel og sykkeletappa gjekk overraskande fort. Eg var berre 48 sekundar bak klassevinnar Arne Johannesen som til slutt var 25 minuttar før meg i mål på Fanaråken.
Til neste år må det trenast meir rask gange og løping i motbakke. På veg ned frå Fanaråken etter løpet fekk eg instruksjon av Jan Holte Karlsen med tips om korleis eg skal forbetre tida på løps/ gang-etappa til neste år.
 
 
Trykk på bildet for STOR utgave - Foto: Christian Prestegård
Jan Holte Karlsen instruerer i motbakketeknikk i eit spektakulært parti ved passering 2000 m.o.h. med om lag 1000 meter ”fritt fall” rett ned i Helgedalen. I bakgrunnen ser vi ned i Lustrafjorden ved startområdet i Skjolden der løpsleiar Anders Fortun allereie er i gang med arbeidet og planlegginga av neste års store arrangement den 31. juli som eg tippar vil samle totalt over 250 deltakarar !
Om lag 125 på Duathlon ( med både individuell konkurranse og lagkonkurranse med ein deltakar på sykkeletapppa og ein på løpsetappa ) og 125 på mosjonsløpet frå Turtagrø til Fanaråken (Namneforslag: Fanaråkløpet 1200 m. Opp el. Fanaråken Opp).
Trykk på bildet for STOR utgave. - Foto: Christian Prestegård
Løpsleiar Anders Fortun er blid som ei sol og kan motta heder og ros for eit praktfullt arrangement. Her med Skagastølstindane i bakgrunnen
 
 
Ei veke før start tippa eg på www.kondis.no at vinnartida kom til å bli 2.12 , den blei 1 min. og 33 sekundar raskare . Til neste år har allereie triathleten Arild Tveiten ( mr. POLAR !) lova at han vil delta. Tveiten har tilsaman 5 NM –gull i Triathlon og Duathlon ! Det er m.a.o gode utsikter for ny løyperekord, men det skal syklast og springast/ gåast fyrst. Neste år er nok den individuelle rekorden om lag 2.05 og i lagkonkurransen tippar eg at vinnartida blir om lag 2 timar blank. Sponsorar har planar om å sette opp løyperekordpremie som vil kunne trekke dei aller beste utøvarane til Fanaråken den 21.august 2004.
 
Det lovar dessutan godt for neste års arrangement at alle deltakarane som eg fekk snakka med allereie like etter målpassering gleda seg til neste års løp ! Dette gav meirsmak.
 
Mer om Fanråken Duathlon
Forhåndsreportasje 2003 19.august
Forhåndsreportasje 2003 31.juli