Kåringa var todelt. Røyster frå lesarane talde 50 %, medan karakterane til eit ekspertpanel talde 50 %. Svært mange mobiliserte for heimesida til Mjøsdalen. Arrangøren registrerte heile 124 ulike stemmer på klubben i finaleomgangen. Osterøy IL fekk 79, med Skaugbygda (78) og Gular (73) på plassane bak.
Ekspertpanelet rangerte Gular framfor Osterøy, og dermed sneik websida til bergensklubben seg mellom dei to osterøyklubbane.
 
Engasjement og kvalitet
Randi Nordås er webredaktør for Mjøsdalen, medan Vidar Simmenes står bak OIL friidrettsgruppa si nettside. Begge er glade for anerkjenninga, sjølv om dei tek plasseringane med ei lita klype salt.
- Dette var artig, sjølv om konkurransen fortel meir om entusiasmen til folk enn at sida er så veldig bra, meiner Randi Nordås i Mjøsdalen IL.
Beskjedenheit er ein dyd, men resultatet vitnar på si side om at både engasjement og kvalitet er på topp. To av tre domarar i ekspertpanelet rangerte mjøsdalssida øvst mellom dei 8 finalistane. Utanom dei tre på topp hamna Skaubygda, BUL-Tromsø, Stjørdal, OSI og Rindals-Troll i finalen.
Randi Nordås byrja så smått med heimesida i 2001. Ho satsar på mange reportasjar med bilete for å visa aktiviteten i laget. Jamnleg kjem det stemningsrapportar både frå trening, konkurransar og turar. Ein finn også mykje informasjon om arrangementa til Mjøsdalen IL. Mellom anna vert deltakinga Holavatnet Rundt snøgt lagt ut på nettett.
- Det går med ein del tid til oppdateringar, medgjev Nordås.
400-500 ulike personar er inne på sida kvar månad, viser statistikkane. Denne månaden blir besøket spesielt stort på grunn av konkurransen på kondis.no. Desse nettsidene har fleire tusen faste lesarar, og mange av desse vil naturleg nok sveipa innom finalistane i nettkåringa.
- Me håpar konkurransen har vore med og sett fokus på laget vårt. Det er i alle høve ein inspirasjon til å halda fram arbeidet med web-sida, og gjera den endå betre, seier Randi Nordås.
Ho gjev elles full honnør til Vidar Simmenes, webredaktør for OIL friidrettsgruppa. Få norske heimesider kan nemleg skilta med meir informasjon enn det ein finn på home.online.no/~vidsimm.
 
Mykje stoff
- Eg har prioritert hyppige oppdateringar og mykje stoff, og det kjem eg til å halda fram med, slår Vidar Simmenes fast.
Han er viden kjent for å leggja ut resultat få minutt etter at siste utøvar er gått heim frå stemne eller mosjonsløp. Og via sitt nettverk av informantar kan han rapportera nærmast på direkten frå enkelte idrettsarrangement.
Layouten jobbar han mindre med, og det fekk han trekk for hjå domarane.
- Dei faste brukarane finn fram uansett. Det viktigaste er det som står på sida, meiner Simmenes.
Under NM terrengløp i Mjeldalen var 7-800 ulike datamaskiner innom heimesida hans. Elles om året ligg det nokså stabilt på 4-500 ulike maskiner kvar veke. Simmenes har også inkludert informasjon om dei andre gruppene i Osterøy IL. Også anna lokalstoff finn plass på websidene til både Osterøy og Mjøsdalen.
- Eg hadde håp om å koma til finalen, og synest det var ekstra stas med pallplass. Vinnaren Mjøsdalen har ei ryddig og god side, seier Vidar Simmenes.
Han forsikrar at det ikkje var skuffelsen over å ha blitt slegen av den lokale ”konkurrenten” som gjorde at folk ikkje kom inn på heimesida i dagane etter kåringa.
 
Skrevet for Ostringen av Bjarte Vik