Deltok lørdag i Växjö Marathon, og kom i mål på 2.58.34. Blei nr. 7 totalt og nr. 2 i min klasse. Det var nokså vanskelige forhold under løpet. Det var tett snøvêr heile tida og minst ¾ av løypa hadde eit ca. 5 cm tjukt lag av snø/snøslaps som underlag (resten av løypa gjekk mellom store tre som hindra snøen i å leggja seg). Sluttidene blei dermed minst 5 min. dårlegare enn om heile løypa hadde hatt bart underlag. Sjølv måtte eg slita hardt for å koma under 3 timar. Mange hadde også problem med å nå fram til løpet i tide pga. trafikkproblem. Starten blei utsatt 15 min. for at ei stor gruppe av danske løparar frå Bornholm skulle nå fram. Ellers er Växjö Marathon eit førsteklasses maratonarrangement, til tross for at vi må gjennom den same runden 8 gonger.
 
Plac. Namn Klubb Klass Tid
1 Johansson Joel MAI M 2.42.09
2 Åsberg Per Rånäs 4H M 2.42.12
3 Bengtsson Elis Malungs IF M40 2.45.49
4 Nilsson Jörgen Heleneholms IF M35 2.54.35
5 Nilsson Dag Växjö Löparklubb M45 2.55.10
6 Palmgren Mikael IK Sisu M 2.55.37
7 Gjerde Björn BUL, Oslo M45 2.58.34
8 Linden Robert IFK Mora Fri. M 3.03.58
9 Hullegård Oskar Halmstad Gar. M 3.10.35
10 Ström Birger Villstad GIF M35 3.11.41

 

Omtale av løpet
 
Fullstendig resultatliste 
 

Bilde frå starten hvor du finner Bjørn Gjerde i gult og rødt i midten.