Vinterkarusell Strandebarm 18. desember
- for kondis.no i Strandebarm -
I ei travel førjulstid bytta heile 104 løpsglade ut forkle med joggedrakt og
nokre handlevogn med barnevogn og tok seg tid til 4 km landeveg i løp nr 4 i
vinterkarusellen. Litt småsurt ver og litt glatt underlag var det, men alle
kom seg velberga gjennom og vart belønna med gløgg og pepparkaker og smågodt
frå Nissefar.
Børge Leiren frå Norheimsund var heime på julaferie og tok turen til
Strandebarm med siger i blikket, og siger vart det med gode 13,17. Nils Ove
Berge som har vunne alle løpa dei to - tre siste åra lot seg inspirera av
unge Leiren og sprang inn til årsbeste: 13,44. På damesida var som vanleg
Torild Kveberg først i mål med 16,19, god framgang sidan sist!
Her er dei beste:
Damer: 1. Torild Kveberg, Øystese I.L 16,19 2. Turid Lid, Ø.I.L. 19,39 3. Karen Matthiessen, Strandebarm I.L 20,26 Menn: 1. Børge Leiren, Gular 13,17 2. Nils Ove Berge, Strandebarm I.L 13,44 3. Gunnar Nordhus 14,50 4. Knut Øystein Fosse, S.I.L 16,05 5. Arvid Tangerås, S.I.L 16,16 6 Arne Tufta, S.I.L 16,26
Siste medlemssaker
Annonse