Vinterkarusellen Strandebarm
- for kondis.no i Strandebarm Arvid Tangerås -
Heile 159 var med og sprang, småsprang eller gjekk den fire kilometer lange løypa i fint men litt kaldt haustver. Av dei som hadde det travelt var Nils Ove Berge aller travlast denne gongen også, og i dameklassen var Torild Kveberg først over målstreken. Tilmeldinga til karusellen er rekordstor, 194 er til no påmelde. Her er dei beste:
Damer: 1. Torild Kveberg, Øystese I.L 16.37 2. Laila Rinde, Strandebarm I.L 19.32 3. Anne Christin Børsheim S.I.L 22.11 Menn: 1. Nils Ove Berge, Strandebarm I.L 14.01 2. Per Helge Berge, S.I.L 14.55 3. Kjetil Eliassen, S.I.L. 15.12 4. Jon Olav Måge, S.I.L 15,25 5. Akram A Wali, S.I.L 15.31 6. Oddvar Hjertaker S.I.L 15.31
Siste medlemssaker
Annonse