1. mai-løpet på Åheim: Seier til Liaskar
![]() | |
|
Tradisjonen tru var det langrennsløparar som gjorde det godt under 1. mailøpet på Åheim. Den lovande 17-åringen Odd Magne Liaskar frå Volda stilte i juniorklassa og vann løpet på den gode tida 10.20. Han er som siste års kongepokalvinnar Øyvind Sandbakk, mest kjend frå langrennssporet.
I eit tynnare senior og veteranfelt enn vanleg, var det berre Arild Bjørdal frå Ørsta, også mest kjend frå skisporet, som ga han kamp mot mål. Av 17 deltakarar i desse klassene, merkar vi oss elles at arrangørklubben Åheim mønstra heile seks av dei og at Liv Berge frå Åheim vann dameklassa.
I dei aldersbestemte klassene var det rimeleg god deltaking med 80 deltakarar
til start medrekna seniorklassene.
Her fekk vi mange fine oppgjer, og særleg
var det spennade mellom vinnaren av 15- og 16 årsklassa for gutar. Etter at 15
åringen Bjørnar Øye frå Hovdebygda hadde leia mykje av løpet, kom 16-åringen
Øyvind Aahjem frå Åheim sterkt på oppløpssida og fekk kasta seg føre over
målstreken. Og Bjørnar er sjølvsagt også ein aktiv langrennsløpar.
Av andre resultat, merkar vi oss tre spreke jenter frå Kjølsdalen i 13-
årsklassa for jenter.
Etternamnet til vinnaren Magnhild Gillesdal, har og ein
god klang i lokale idrettskretsar. Mellom anna har ho ei søster som var
landets beste i høgde i si årsklasse i fjor og ein far som vart
norgesmeister i skifeltskyting på Elverum i mars i år. Vi ser og fine tider av
Arve Nedreberg frå Bergsøy i klasse gutar 14 år og Martin Ingjerd frå Hødd i
gutar 12 år. Mons Arne Gillesdal i 11- årsklassa, bror til Magnhild og også
eit stortalent, fekk der i mot hard konkurranse og måtte sjå Magnus Liaskar
frå Volda føre seg i mål. Og han er bror til Odd Magne og driv sjølvsagt med
langrenn.
Som ein del andre løp i distriktet, har 1. mailøpet også vorte ei stormønstring av dei yngste løparane. Heile 113 rekruttar stillte i år til start, og her har publikum mykje å kose seg over. Med innsats og løpsglede til tusen, er det både triveleg og spennande å sjå desse felta leggje i veg. Og ofte skjer det også både uventa og fornøyelege ting undervegs som krydrar det heile.
Under premiutdelinga etterpå vart elles Sigmund Bugjerde frå Hødd heidra for trufast innsats med eit rosemåla fat. I 40 av dei 42 åra løpet har vore arrangert, har han møtt opp for å sende løparane vel avgarde. Også ein tradisjon som er med å gjere løpet til det gode arrangementet det er.