Det vart oppnådd mange gode resultat i dei fleste klassane frå 13 til 70 år. Kristine Eikrem Engeset sprang 2 km på 6.57 og var 26 sekund framføre klubbvenninna i Skjalg, Victoria Sæland. Sterk springing var det òg av Kristin Rasdal Håland og Lene Rørvik som fekk 7.25 og 7.28. Berre 10 sekund skilte dei fire beste i seniorklassen for menn der løypa var 3 km. Thomas Solberg Eide vann på 9.27 og var to sekund framføre Jonny Kibsgård. Begge to meldte før sesongen overgang frå Korlevoll til Haugesund, og det kan sjå ut som dei går mot ein sterk sesong. Det gjorde òg far til Thomas, den gamle storløparen Svein Erik Eide. Han sprang godt og vart beste veteranløpar med tida 9.52. Alle resultat | ||||
Svein Erik Eide - raskast av veteranane | ||||
| ||||
Idyllisk på Bryne | ||||
| ||||
Jenter 18-19 år klar til start | ||||
| ||||
Malin Høisæter i flott driv | ||||
|
Artikkelen fortsetter under annonsen