Miriam Berg Hovda og Wiktor Berg var dei to raskaste i Langs Åkrafjorden som vart arrangert laurdag 15. mai. 55 sprang på tid, og mest 300 gjekk eller sykla gjennom den 11 km lange løypa som går frå Tjelmeland til Åkrafjordtunet på Teigland.
Artikkelen fortsetter under annonsen
Med opphaldsver og litt medvind mot slutten innover Åkrafjorden, så var det forhold for å oppnå gode tider. Etter 3 km, på det høgste punktet i løypa, kalla "Bergprisen", vart det teki offisielle mellomtider.
Ingrid Kristiansen heldt føredrag for næringslivet i Skånevik på fredagen og kurs i stavgang for vel 50 frammøtte i Skånevik Idrettshall fredagskvelden. Laurdagen stilte ho sporty opp og fullførte løpet i fin stil. Løpardronninga kom på fjerdeplass mindre enn to minutt bak Miriam Berg Hovda.
Resultata |
Avslappa stemning før start |
Mange veltrente bein var samla ved starten på Tjelmeland. |
Bergprisen - etter 3 km |
Tor Kristian Buraas og Arvid Dale har kommi godt i gang med løpet. Tommelen opp for resten av turen!
|
Ingrid Kristiansen helsar publikum |
Mange tilskodarar var møtt fram for å sjå alle dei spreke løparane komma i mål. Og det største trekkplasteret var nok Ingrid Kristiansen.
|
Dei to beste i kvinneklassen |
Miriam Berg Hovda (midten) vann 27 sekund framføre Marit Årthun. Etterpå vanka det premie til dei begge.
|
Dei beste i herreklassen |
Så måtte dei tre raskaste karane opp på trappa. Wiktor Berg vann 9 sekund framføre Kjetil Lothe og 36 sekund framføre Johnny Kibsgaard. |