- Veldig gøy å vinne her. Det er eit flott løp i fine omgjevnader, uttalte Bjørn Johannessen til Fredrikstad Blad etter målgang. Jorunn Rekkedal var òg nøgd med løpet, men skulle gjerne hatt hardare konkurranse. Ho brukte 1.20.30 på dei to milene som for ein stor del går på sti. På andreplass i kvinneklassen kom Wendy Fjellstad med 1.29.58. Bjørn Johannessen vann på 1.15.29, og nærmast han var Sigleif Johansen med 1.18.21. Imponerande av Sigleif som spring i klasse 55-59 år! Begge vinnartidene var eit stykke bak løyperekordane. Jorunn Rekkedal har sjølv kvinnerekorden på 1.16.17 sett for ti år sia, medan Mats Haldin sette herrerekorden på 1.07.08 i 2002. Alle resultat Les meir i Fredrikstad Blad Heimesida til Bjørn Johannessen |
Jorunn Rekkedal og Bjørn Johannessen vant Fredrikstadmarka Rundt
Fredrikstadmarka var så vakker som ho kunne bli da 100 sprekingar sprang rundt henne sundag 10. oktober. Raskast i den 20 km lange løypa var Jorunn Rekkedal frå Ås og Bjørn Johannessen frå Halden. Helge Sandvik har vori med alle gongene bortsett frå ein og sprang Fredrikstadmarka Rundt for 30. gong.
Siste medlemssaker
Annonse