May Britt Buer nr 4 totalt | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Beste resultat:
Alle resultat. Reportasje søndagsløpet | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Løypa 2. dag, som gjekk frå Simadal, måtte leggast om på grunn av uver med mål på Fossli, planen var å ha mål på Store Ishaug. Det var synd for både trimklasse-deltakande Kondis-reporter og for lesarane på Kondis.no at det var for kaldt og surt å venta på konkurranseløparane ute i løypa. Det kunne vorte svært fine bilete i den vakre løypa. Vi håpar på betre ver tredje dag! Willy Eide og Leo gjekk i trimklassen for andre dag og var i mål før dei aktive. Leo skal bli leiarhund for Willy sine seks andre trekkhundar og tok løpet som ei trening. Thomas Andersen var i mål 12 minutt før nr. 2 i dag. I går vart han slått med 8 sekund av May Britt Buer. Han er best på lange løp, sa han sjølv etter målgang. Bjarne Boge var nr. 2 i mål i dag og er no nr 3 samanlagt. Geir Ove Mjelde er nr 2 samanlagt ![]() May Britt Buer var nr 5 i mål i dag. Reidar Matre, nr 5 av mennene samanlagt Peter Olesen og Kristoffer Tysseland er i mål på Fossli Dee Cunningham (til venstre) og Frode Johansen, som hadde stor nytte av Kondis-buffen når regnet piska på høgfjellet. Knud Hillers vart nr 12 samanlagt og kom seg dermed opp 5 plassar frå i går. Håvard Boge kom i mål på 2:21:24. Karl David Stakseng, nr 14 samanlagt Glade trimmarar kjem i mål. Det var 26 deltakarar i trimklassen. Rolf Jenssen ga alt og kom i mål på 2:39:03. Torgils Bu er i mål. Marit Stadheim Bohr, sjef for Visiteidfjord, er tidtakar. Frode Vittersø brukte 2:47:06 på turen over fjellet. Eli Toril Hellandsjø Bu var den andre dama i konkurranseklassen, og kjem i mål på 3:18:01. Søndag er det klart for den lengste løypa, heile 22 kilometer i motbakke og fjellterreng. Bilete kjem på Kondis.no! | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Link til bruk på Facebook og andre nettsider: http://kondismirror.edbc.no/bilder/bergen/2009/VoringfossRace.html |
Artikkelen fortsetter under annonsen