Trond Nymark gjekk frå halve elitefeltet | ||||
| ||||
Rapport fra Bjarte Vik I sin aller første sesong som friidrettsutøvar slo Ask-talentet Tord Erik Solberg til med siger i Bjarte Viks Eliteløp på Osterøy. Arrangørklubbens Brit-Helen Simmenes viste seg også utilnærmeleg på slutten. Men mest av alle imponerte nok kappgjengaren Trond Nymark med den knallsterke tida 19.12 på 5046 meter. Om løyperekordane fekk stå, vart det i alle fall ny gledeleg deltakarrekord med 46 startande på ein dag med mange millimeter i nedbørsmålaren til Vidar Simmenes i arrangørstaben. Heldigvis stoppa regnet då startskotet small, og med 8-10 grader og ein ørliten vind i ryggen, var løpsforholda rimeleg gode innover den smale og svingete asfaltvegen mellom Vik og Bruvik. - Få ting er så artig som å slå folk som løper, skreiv Trond Nymark på heimesida (www.trondnymark.no) si før løpet. Det blei ein artig føremiddag for den nybakte pappaen, som imponerande nok gjekk frå dei fleste springande i eliteløpet. Frå før stod Nymark med 19.01 som personleg rekord på 5 km kappgang landeveg og 19.40 på bane. Han var difor godt fornøgd med tida 19.12 på 5046 meter rett nok i ei løype med litt for mykje nedoverbakkar til å godkjennast i Kondis sine statistikkar. Foto: Vidar Simmenes Det ble deltakerrekord i den 10. utgaven Bjarte Viks Eliteløp Klubbduell Fjorårets sterke tettrio Morten Velde, Terje Aggvin og Kjetil Foss Angeltvedt stod av ymse grunnar over årets eliteløp. Også førehandsannonserte Fri-junioren Lars Bakke, vinnaren av 5 km i Furumomila sist helg, måtte melda forfall. Dermed var det duka, som så mange gonger før, for eit durabeleg oppgjer mellom løparar i Osterøy IL og Ask Friidrett i herreklassen. Osterøys Bjarte Vik stod frå før med 7 av 9 sigrar i løpet med det for han velklingande namnet. Frå første meter la 39-åringen ut i eit jamt og hardt tempo for å koma under 15 minutt den magiske grensa som for så mange norske 5000m-løparar skil mellom suksess og fiasko. Ask-løparane Tord Erik Solberg og Christer Vonheim la seg begge på hjul, medan Terje Simmenes frå Osterøy var litt meir varsam i opningstempoet. Fram til passering 3 km låg Vik og Solberg likt med skjemaet til 15 blank. Christer Vonheim låg då nokre meter bak. Foto: Vidar Simmenes Gode tider I kvinneklassen held Pernille Thomassen i BFG-Fana følgje med førehandsfavoritten Brit-Helen Simmenes på dette tidspunktet. Kirsten Melkevik Otterbu var oppteken med å setja ny løyperekord i Hytteplanmila denne dagen, og i hennar fråver kan ingen hordalandsløparar tukta Pernille og Brit-Helen på lange løp. Trass i usedvanleg støle bein etter deltaking i 24-kampen to veker før, med 24 friidrettsøvingar på eit døgn, drog medaljegrossisten Simmenes frå inn mot mål. Gode tider vart oppnådd med 17.12 i vinnartid og 17.27 på Pernille Thomassen. Også tredje kvinne i mål, Annette Bru i Osterøy IL, imponerte med tida 18.45. Foto: Vidar Simmenes Spurtsterk Ask-junior Herreklassen vart først avgjort i nedoverbakken siste 100m inn mot no nedlagte Bruvik Handelslag. Dessverre dabba tempoet for mykje på nest siste kilometer. Sjølv om dei to i teten la bak seg siste 1000 på under 3 blank, vart vinnartida for første gong på 15-talet. Ikkje heilt uventa var Tord Erik Solberg raskast i spurten, og sprang inn på 15.11, eitt sekund føre Vik. Ei lovande tid for Ask-løparen som til dagleg kombinerer trening med tømrarjobb. NM-kravet på 5000m er 14.59.99, og erfaring tilseier at eliteløpet tilsvarar det ein er god for på 5000m bane. Christer Vonheim fekk også ein etterlengta opptur med tida 15.48, i god avstand til Terje Simmenes på 16.03. Vel 20 sekund bak han vart det eit durabeleg spurtoppgjer mellom Kjetil Dyrvik, Brigt Strømmen og Helge Vestrheim, der oppgjeret enda i den rekkjefølgja. Verd å merkja seg er det også at fotballspelaren Bjarte Vik Larsen fekk tida 17.28, ei sterk tid for ein som enno ikkje har fylt 14 år. Barneløpet samla ikkje dei store massane i år. Svært gledeleg er det likevel at fleire tidlegare deltakarar i barneløpet, no stiller opp og spring 5 km i eliteløpet. Meir informasjon og fleire bilete kan sjå på Osterøy IL si heimeside på www.osteroyil.no (friidrett). Resultatliste Menn 15.11 Tord Erik Solberg 15.12 Bjarte Vik 15.48 Christer Vonheim 16.03 Terje Simmenes 16.25 Kjetil Dyrvik 16.26 Brigt Strømmen 16.27 Helge Vestrheim 17.05 Harald Olsnes 17.11 Ole Andre Austevoll 17.16 Jan Roar Solberg 17.28 Bjarte Vik Larsen 18.30 Eirik Vestrheim 18.38 Jørgen Tvedt 18.45 Eirik Vestrheim 18.45 Josef Zigmuntowicq 18.57 Kjetil Bruvik 19.12 Trond Nymark GÅ 19.43 Petter H Sæbø 20.19 Gisle Fotland 20.22 Kim Rune Bruvik 20.29 Magne Vikne 20.54 Joar Vik Larsen 20.55 Alexander Ommedal 21.03 Bjarte Lohne 22.00 Jostein Hesjedal 22.58 Jan Hesjedal 23.20 Oddvar Sæterdal 24.08 Geir Atle Mjelde 24.38 Arild Fotland GÅ 24.38 Erling Andersen GÅ 26.52 Johannes Melve 27.03 Kristian Olsen 29.43 Jakob Skjold Olsen 30.00 Tor Monsen Kvinner 17.12 Brit-Helen Simmenes 17.27 Pernille Thomassen 18.45 Anette Bru 19.26 Bente R Midtun 20.08 Eli Simmenes 20.27 Elise Vikne 20.49 Hanne Liland 23.03 Solveig S Fotland 26.00 Randi Kleppe 30.00 Camilla B Hauge 30.00 Marie Hesjedal 33.14 Marie Vikne 33.15 Veronika Olsnes |
Artikkelen fortsetter under annonsen