Brit-Helen Simmenes er nett ferdig med sin beste sesong hittil med pers på fire distansar og ikkje mindre enn seks NM-medaljar. I Nordisk meisterskap i terrengløp no nyleg tok ho fjerdeplass individuelt og gull i lagkonkurransen. Vonleg er ikkje avgjerda så definitiv som det kan høyrast ut som. Som langdistanseløpar er Simmenes i sin beste alder, og ho kunne heilt klart hatt mange av sine raskaste løp framføre seg. Les heile intervjuet i Bygdanytt. |
Brit-Helen Simmenes legg opp
I eit intervju med lokalavisa Bygdanytt fortel Brit-Helen Simmenes at ho har bestemt seg for å leggje opp. Simmenens har vori ei av dei beste langdistanseløparane i landet i mange år, og 31-åringen seier det er omsynet til familien og den nye jobben som butikksjef på Løplabbet som gjer det vanskeleg å halde fram med satsinga.
Siste medlemssaker
Annonse