Sjå bilder HER av dei beste på Stoltzens heimeside Klikk her for fleire bilder frå www.varegg.no/stoltzen Dei seks beste kvinner: (1): Anita Håkenstad Evertsen, Øystre Slidre IL, 9.56 (2): Kirsten Melkevik Ottrebu, BFG Fana, 9.58 (3): Zsuzsa Fey, IL Tyrving, 11.10 (4): Helen Martinsen, Gular, 11.44 (5): Hilde Håkenstad, Øystre Slidre IL, 11.46 (6): Ammy Karlsen, Bergenslærerne, 11.52 Dei seks beste menn: (1): Jon Tvedt, Il Gular, 8.25 (2): Øystein Sylta, Sk Vidar, 8.32 (3): Tormod Tjørnhom, Ik Tjalve, 8.49 (4): Hallvard Nilsen, Gular, 8.54 (5): Kristen Skjeldal, Bulken IL, 9.00 (6): Bernard Kiplagat, Kenya, 9.01 Alle resultater "Kongen" av Stoltzen, Jon Tvedt klarte å halde unna for utfordraren Øystein Sylta som no for alvor pustar Tvedt i nakken også i favorittbakken hans. No er det mange som vil satse på motbakkeløp for å bli med på oppturen også internasjonalt. Dette gjeld ikkje minst nr. 3 Tormod Tjørnhom som etter løpet lova å trene meir motbakkar i vinter for å kvalifisere seg for det norske laget til EM i motbakkeløp i Frankrike 9. juli neste år. Tormod blei også nr. 3 i årets NM i motbakkeløp i Ørsta. På damesida jaktar Anita og Kirsten på 2 damer til EM-laget ! No må det være særs attraktivt å bli med Anita og Kirsten til neste års EM i motbakkeløp der det faktisk er eit realistisk mål å ta medalje i EM for lag i tillegg til at både Anita og Kirsten har vilje og evne til å hevde seg heilt i teten. Anita sa etter 4. plassen i VM at ho vil heilt til topps i EM 2007! ..og dette seier ei sympatisk dame på 38 år frå Øystre Slidre som ikkje er kjent for å ta munnen for full.. 2007 kan bli eit praktfullt år for Noreg internasjonalt. I år hadde Noreg teke VM-gull for lag dersom vi hadde hatt ei dame som kunne springe 2 min. saktare enn Kirsten og teke 22. plassen. Kirsten blei nr. 8 i VM. Bildereportasjen nedanfor ber preg av at Kondis' medløpande reporter var utstyrt med lånt kamera der teknologien svikta og mange av motiva vart uråd å få til å "henje" på linsa i regnværet. Stor takk til Jan Kocbach for at eg har fått bruke nokre av bildene som han tok. Det står Jan Kocbach under bildene hans. | ||||
Dei tre raskaste damene. Frå venstre Kirsten , Anita og Zsuzsa | ||||
| ||||
Dei to raskaste menn . Øystein og Jon | ||||
| ||||
Kirsten Melkevik Otterbu, BFG Fana, gjekk hard ut og leia etter 4 min. I mål var ho kun 2 sekundar bak Anita | ||||
| ||||
Anita Håkenstad Evertsen, Øystre Slidre IL, viste igjen ryggen til alle konkurrentane | ||||
| ||||
Zsuzsa Fey, Ungarsk landslagsløpar i orientering som representerer Tyrving | ||||
| ||||
Jon Tvedt ville vinne. 40-åringen ga alt og vann på tida 8.25, kun 12 sekundar bak sin eigen løyperekord frå 1995 | ||||
| ||||
Stoltzen blei for bratt for 18-åringen Bernard Kiplagat frå Kenya som løp inn på 9.01 og 6. plass totalt | ||||
| ||||
Karsten Måkestad , Odda Kommune, vinn kl. 50-54 år på tida 10.36 | ||||
| ||||
Kristen Skjeldal løp på 9 blank og blei nr. 6 totalt | ||||
| ||||
Sander Terum, Aurland, vann klasse gutar 12-14 år på tida 10.16 ! | ||||
| ||||
Med mål i sikte blir det 100% innsats og stor fartsauke inn mot mål i det ulendte terrenget | ||||
| ||||
Erik Hovlandsdal , kl. 15-17 år, spring i mål på 10.33 | ||||
| ||||
Joel Dyrhovden , Samnanger, vann kl. gutar 15-17 år på tida 9.10 ! | ||||
| ||||
Tormod Tjørnhom , IK Tjalve, blei nr. 3 på tida 8.49 | ||||
| ||||
Øystein Sylta , Sk Vidar, sprang 17 sekundar raskare opp Stoltzen i år enn i fjor. I fjor vann Øystein . I år blei han nr. 2 på 8.32 | ||||
| ||||
Anita har marginane på si side i Stoltzen. I fjor vann ho med 1 sekund over Kirsten Størmer Steira. I år vann ho med 2 sekundar over Kirsten Melkevik Otterbu | ||||
|
Artikkelen fortsetter under annonsen