Mellom dei påmelde maratonløparane finn vi folk frå Sveits, Nederland, Tyskland og USA, så dette er eit svært internasjonalt arrangement. I skrivande stund er det framleis mogleg å få hotellrom. Sjå heimesida til Hornindalsvatnet maraton med info og liste over påmelde. Enno er det ingen damer påmelde, så dersom du melder deg på no, er det sjanse til å hevda seg svært høgt oppe på resultatlistene! Inge Asbjørn Haugen spring maraton nummer 267, og vil dermed overta norgesrekorden i talet på gjennomførte maraton. Rekorden no er 266 maraton og er halden av Torleif Rekkebo som døydde i 1996. ![]() Inge Asbjørn Haugen under Rett Vest i Florø i april 2005. Han har totalt sprunge 12 maraton hittil i år, deriblant på Svalbard. Sjå lista over Inge Asbjørn sine maratonløp her. Kondis.no er der! ![]() |
Inge Asbjørn Haugen set norgesrekord på heimebane
Reserver 23. juli til Hornindal! Allereie no er det påmeldt 44 løparar (pr. 20/7) til maraton som i år går for 14. gong. Men det er plass til mange fleire! |
Siste medlemssaker
Annonse