Anna Margrethe Tråve og Kjetil Dyrvik suverene
Minneløpet var arrangert for 17. gong, og var i år for første gong kontrollmålt til 10 km.
 
I dameklassen kom Anna Margrethe Tråve, Royal Sport, inn på 38.46 følgd av Hilde Mæhlum frå Vik på 41.45. Kjetil Dyrvik, Vossaalliansen, sprang på 34.57. Nummer to var Bjarte Fanebust, AKS 77 på 36.52 og nummer tre junioren Odd Magne Liaskar frå Ørsta/Volda IL på 38.20.
 
Modig IL fortener elles ros for godt arrangement. Mellom anna var det drikkestasjon ved vending 5 km, med svampar. Premiane var mellom anna flotte, dreia bjørkeskåler laga i Fresvik. Det var ca 80 som deltok totalt, inkl. trimklasse utan tid.
 
Fullstendig resultatliste
 
Resultatliste barneløp og trimklasse
 


Starten på modig Stadion. Det var svært varmt i Fresvik, men heldigvis gjekk store deler av løypa i skuggen langs stranda.


Hilde Mæhlum ein knapp km før mål, berre ein seig motbakke står att.


Kjetil Dyrvik hadde nesten 2 minutts forsprang til nesteman, og fekk vandrepokalen tol odel og eige.


Bjarte Fanebust vart nr. 2 totalt og i klasse veteran 35-39 år.


Anna Margrethe Tråve frykta varmen i Fresvik denne laurdagen, men hadde ingen problem med å halda konkurrenten Hilde Mælum bak seg.



Anna Margrethe Tråve, Odd Harald Gram og Hilde Mæhlum i samtale med representanten frå Sogn Avis.



Ulrich Brökling frå Tyskland var på ferie i Fresvik og fullførte 10 km strass i at han hevda det var 5 år sidan sist joggetur. Heime i Koblenz held han forma ved like ved å sykla.

 
 
Foto: Arne Inge Sæbø og Oddny Ringheim


Oddny Ringheim
kondis@bergen.no