Vinterkarusellen på Strandebarm 8 og siste løp
- for kondis.no i Strandebarm Arvid Tangerås
101 fullførte 4 km kupert landeveg i nesten vårleg ver. Tilsaman har 228 vore med på eitt eller fleire løp, 138 har vore med på minst fem løp og fekk velfortent applaus og medalje på premieutdelinga like etterpå.
Rekord vart sett i løp nr 3, då var heile 164 med. Tre har vore med på alle 40 løpa sidan oppstart i 1995: Malvin Børsheim, Øystein Kambo Tangerås og Nils Ove Berge. Sistnemde har også vunne svært mange gonger, dei to siste sesongane har han vunne alle løpa!
Arrangementet har samla stadig fleire deltakarar sidan starten for fem år sidan, og mange kjem langvegsfrå for å vera med. Arthur Lillefosse har kome heilt frå Bergen og fått med seg fem løp denne sesongen og fekk ekstra applaus for det! Irene Gulli har teke turen frå Ulvik fleire gonger. Dei fleste deltakarene kjem sjølvsagt frå Strandebarm, men det er også god deltaking frå bygdene innover og utover Hardangerfjorden, frå Øystese til Ølve.
Dei beste denne gongen: Damer: 1. Solfrid Håbrekke 18,11 2. Karen Matthiessen 18,24 3. Turid Lid 19,29 4. Laila Rinde 20,31 5. Eirin Gausvik Lie 21,32 6. Torill Gjerde 22,31 Menn: 1. Nils Ove Berge 14,08 2. Lars Måge 15,07 3. Jon Olav Måge 15,11 4. Eimund Solsvik 15,18 5. Oddvar Hjertaker 15,41 6. Arvid Tangerås 15,52 7. Hallstein Viken 16,03 8. Torkel Tufta 16,23 9. Geir Kristian Svåsand 17,23 10. Jonathan Byrkjenes 17,45