- for kondis.no i Strandebarm Arvid Tangerås -

Løp nr 6 i vinterkarusellen i Strandebarm vart avvikla tysdag 29. januar. 92 fullførte i nokolunde fin stil trass dårleg underlag: Saltblanda nysnø gav dårleg feste, det viser att på resultata. Nils Ove Berge var som vanleg først i mål, og Laila Rinde var raskaste dame denne gongen.

Avisoppslaga dei siste dagane om late og overvektige born gjeld tydlegvis ikkje i Strandebarm, mange born er med i vinterkarusellen og dei fleste er raske til beins! 10-åringen Jonatan Varela Byrkjenes hadde denne gongen berre åtte vaksne framfor seg!

Her er dei beste:

Damer:
1.    Laila Rinde, SIL                  20,32
2.    Torill Gjerde, SIL                21,15
3.    Anne Christin Børsheim, SIL       22,24
 
Menn:
1.    Nils Ove Berge, SIL               14,27
2.    Akram A Wali, SIL                 15,59
3.    Oddvar Hjertaker, SIL             16,49
4.    Arvid Tangerås, SIL               16,49
5.    Harald Ljones                     17,02
6.    Knut Øystein Fosse, SIL           17,04


1: Jonatan Varela Byrkjenes (18,37)
88: Nicolas Bru Riise (28,46)
38: Lars Olav Tufta (23,22)