- for kondis.no i Strandebarm Arvid Tangerås -

Ingenting tyder på at lang juleferie har øydelagt løpsform og trimlyst i Strandebarm, heller tvert om. 110 fullførte løp nr 5 i karusellen og tidene er jamt over like gode som før jul. Særleg gledeleg med fleire damer enn vanleg under 20 minuttar! Elisabet Børsheim, heime på juleferie frå Texas, viste at ho framleis meistrar regn og issvullar: Berre Torild Kveberg og fem menn var før ho i mål. Nils Ove Berge hadde ingen framfor seg og heller ingen som pusta han i nakken, men klarte likevel å halda motivasjonen oppe og vant som han ville på 14,01.

Her er dei beste:

Damer:

1. Torild Kveberg, Øystese I.L      16,26
2. Elisabet Børsheim, Strandebarm   16,52
3. Turid Lid, Ø.I.L                 19,42
4. Karen Matthiessen, S.I.L         19,53

Menn:

1. Nils Ove Berge, Strandebarm I.L  14,01
2. Akram A. Wali, S.I.L             15,57
3. Oddvar Hjertaker, S.I.L          16,14
4. Arvid Tangerås, S.I.L            16,24
5. Geir Kristian Svåsand, S.I.L     16,41
6. Harald Ljones                    17,00

4.løp 18.desember
3.løp 27.november
2.løp 6.november
1.løp 16.oktober.