Det var overskyet vær, men utmerkede forhold for motbakkeløping på indre Sunnmøre i går, og i alt 114 deltakere stilte opp i Mefjellet Opp. Nest beste herreløper blei Sven Nylund IL Molde Olymp med tiden 48.13 og rett bak på tredjeplass kom syttenåringen Johan Bugge Eidsvåg IL på tiden 48.46. På andre plass i dameklassen kom Marianne Opsahl IL Ullensaker Kisa på tiden 1.02.09 og på tredjeplass kom sekstenåringen Gunnhild Bugge Eidsvåg IL med tiden1.06.55 Fullstendig resultatliste finner du her Løpsgeneral Einar Hoel i Valldal IL sier følgende i tilsendt e-post: Valldal IL er fornøgd med gjennomføringa av arrangementet. Det var mange positive tilbakemeldingar, ikkje minst på løypetrase og natur. Sjølv om løypa stig frå 0-1100 moh på 7 km er det mogeleg å springe heile vegen. Underlaget er variert. Starten er på asfalt og vekslar deretter mellom asfalt og god skogsti, før løypa fortset på god seterveg opp til Nysetra. Siste 1,5 km går i fjellterreng med god sti og vekslar mellom bratte kneikar og slakare parti. At løparane undervegs fekk drikke frå 3 drikkestasjonar vart godt motteke, i tillegg til at det var drikke og energiprodukt på toppen. Løypa var godt merka med distanseskilt for kvar 500 m. Premieutdeling var på kaia i Valldal. Der vart det delt ut premiar i konkurranseklassene, uttrekkspremiar til deltakarane i mosjonsklasse, premiar til dei beste damer og herrar, prisar for løyperekordar og hovedgevinst, weekend for 2 personar på ein av ClassicNorway sine destinasjonar, trekt mellom alle deltakane. Denne vart vunne av ein langvegsfarande deltakar, Dag Nylund, frå Løten. Medaljar fekk alle på toppen av Mefjellet. Når ein så tek med at ungdomslaget i Fjørå, Solberg ungdomslag, selde kaffi og brus, sveler og vaflar, sjølvsagt med jordbærsylte i jordbærbygda, skulle det viktigaste vere teke med om Mefjellet opp i 2008. Så då er det berre så sjå fram neste løp i 2009. Alle foto er fra arrangøren | ||||
| ||||
| ||||
| ||||
|
Artikkelen fortsetter under annonsen