Eldar Rønning vann herreklassen på 9.01 og hadde 8 sekunds margin til Johan Kjølstad på andre- og 9 sekund til Tor Arne Hetland på tredjeplass. Therese Johaug si vinnartid var på 9.44, og med tanke på at Rønning har årsbeste på 3000 m bane på 8.43, så er det ikkje urimeleg å gjette at Johaug kan springe 3000 m under 9.30. I Aure slo ho sterke løparar som Kristin Størmer Steira med 24 sekund, Fride Vullum med 37 sekund og Betty Ann Bjerkreim Nilsen med 45 sekund. Nærmast Johaug var Astrid Uhrenholdt Jacobsen som òg sprang godt og var 16 sekund bak. Toppidrettsveka i Aure romma i tillegg til gateløpet rulleskirenn, rulleskisprint og 35 km terrengsykkelritt. Store deler av langrenns- og kombinerteliten var med pluss ein del kjenningar frå løpsmiljøet.
Alle resultat frå gateløpet Resultat rulleskirenn Resultat 35 km terrengsykkelritt Resultat rulleskisprint - junior, senior og veteran Resultat rulleskisprint jenter og gutar Meir om Toppidrettsveka i Aura hos Norwayevents Reportasje hos langrenn.com |
Artikkelen fortsetter under annonsen