Vi har fått følgende rapport fra Leiv Arne Grimstad: Rekordane fall i Nordvest Maraton Det sunnmørske Nordvest Maraton frå fugleøya Runde til Hareid vart skipa for 16. gong laurdag 2. september. Helge Hafsås frå Olden vart årets store namn og kunne reise heim til Nordfjord med premiesjekkar på tilsaman 5.000 kroner. 40-åringen gjennomførte full distanse på 2.33.03, som var 3 minutt og 20 sekund betre enn den tidlegare løyperekorden hans - ein løyperekord han sette i 2005 etter at Oddvar Hausken frå Torvastad hadde hatt rekorden sidan løpspremieren i 1991. For løyperekorden fekk Hafsås 3.000,- kroner i tillegg til dei 2.000,- kronene som var sett opp til årets vinnar. Hafsås vann dessutan sitt 89. maratonløp, og er med det den maratonløparen i Norge som har vunne flest løp. Det er også eit spørsmål om det er nokon i heile verda som har så mange approberte maratonsigrar som Hafsås. Det var første gong Hareid I.L. lokka deltakarane med pengepremiar. For nye løyperekordar var premien 3.000,- (heil) og 2.000,- (halv), medan årets vinnarar fekk 2.000,- (heil distanse) og 1.000,- (halv). På den fulle distansen merka ein seg også eit godt løp av Robert Gulbrandssen, som med tida 2.49.23 sprang seg inn på 3.-plass i NV-rankingen. Vinnar i NV Maraton for kvinner vart Ann Karin Alnes, Giske, som sprang frå Runde til Hareid på 3.57.40 i sitt aller første maratonløp. Over halv distanse vart Ingunn Eikrem Olsen, Hasundgot, vinnar blant kvinnene på 1.40.31 - medan Sverre Brunstad, Velledalen, vann halv distanse for menn på 1.20.17. Verdt å merke seg frå resultatlistene er også veteranen Leif Feøy frå Ålesund, som sprang frå Runde til Hareid på sterke 3.26.23 - ein solid, ny rekord i klasse 70-74 år! Årets Nordvest Maraton samla 18 deltakarar på full distanse og 16 på halv. Det var første gong full distanse samla fleire deltakarar enn halv. Løpstraséen går over fire øyar i det sunnnmørske arkipelet og inkluderer fleire bruer og tunnelar. Veret under årets løp var svært variert med både regnbyger og solgløtt. Hareid I.L. har elles no utarbeidt ein del statistikk for løpet, både Topp 100-lister og 10-på-topp-lister i dei ulike klassene. Desse vil bli utlagde på eigne internettsider om ikkje lenge. Inge Asbjørn Haugen frå Hornindal slo sin eigen rekord når det gjeld antal maratonløp her i landet. Han er oppe i 289 løp - og for kvart løp slår han sin eigen norgesrekord. | ||||
|
Artikkelen fortsetter under annonsen