Intervju med Øyvind Sandbakk, onsdag, 14.07.2005
Øyvind Sandbakk, suveren vinnar i herreklassen i 2004 har meldt seg på fjelløpet Saudehornet rett opp for 2005.
Øyvind satsar for fullt på langrenn og har bl.a. tredjeplass i Norgescupen siste sesong, men er kanskje best kjent for verdsforsøket på ski over Grønland for nokre år tilbake. Øyvind er 24 år og er for tida heime på ferie i Ørsta. Han har nettopp avslutta som bachelor i idretts- og bevegelsesvitenskap på universitetet i Trondheim.
Til hausten skal Øyvind studere til Master i treningsfysiologi i Trondheim.
- h.k. : Kvifor stiller du for tredje år på rad Øyvind?
- Ø.S. : Saudehornet rett opp er Nordens brattaste fjelløp, klart eg stiller. Moro å vere med, og det er kjempegod trening.
- h.k. : i> Betyr dette løpet noko for deg?
- Ø.S. : Det er artig at ein har fått til eit slik fjelløp i Ørsta. Saudehornet er spesielt for meg fordi eg er oppvaksen rett under Saudehornet, og har nytta området til leik og trening frå eg var ein liten krabat. Saudehornet er høgste fjellet rundt Ørsta, er alpint og tilgjengeleg for dei fleste rett frå sentrum. Utsikta frå toppen er fantastisk og er premie stor nok. Dei fjella som ein ser frå toppen av Saudehornet er faktisk dei som vert kalla Sunnmørsalpane, og hovudtyngda ligg her hos oss.
- h.k. : i> Er fjella i Sunnmørsalpene utviklande for aktive utøvarar?
- Ø.S. : Ja, det er ypparlege forhold og treningsmoglegheiter for alle aktive og særleg langrenn-, sykkel- og gateløputøvarar. Sjølv har eg gått Hjørundfjorden rundt og trenar jamnleg i fjella.
- h.k. : i> Har du ei oppmoding å kome med?
- Ø.S. : Eg oppmodar andre om å stille, vere med og sette personlege rekordar, kome seg ut i naturen og nytte fjella som treningsarena.
- h.k. : i> Kva er målsettinga di?
- Ø.S. : Å kome først på toppen så klart!
Vi ønskjer Øyvind lykke til med fjelløpet, langrenn og med nye studiar i Trondheim til hausten.
Hjørdis Kristoffersen

Siste medlemssaker
Annonse