Kort om Konrad-løpet
 
Eit 4,5 kilometer langt mosjonsløp for å ære minnet etter Konrad Brunstad. Omlag 70 år gamal observerte han «fenomenet» jogging i USA. Dermed la han seg i trening, og intensiverte etterkvart dosane. Det gjekk fjellturar, dreiv kroppsarbeid i skogen (ved) og jogging etter vegar. Det siste gjorde han alltid om natta, med start i tidsrommet 04.00-05.00, fordi han meinte at lufta då var reinast . Difor har Konrad-løpet start klokka 05.00
 
Konrad Brunstad deltok fleire gongar i Ålesund Halvmaraton etter han fylte 80 år. Han var ingen utstyrsfreak, og nytta aldri det lettaste som fanst av utstyr (sjå logo).
 
Løpet hadde sin debut i 2002. Arrangøren hadde venta 30-40 deltakarar, det kom 200 !
 
Natt til 1.mai 2003 var deltakartalet auka til 250, av desse 135 damer. Alle fullførte med glans i dette trivelsløpet der farta ikkje er det viktigaste. Eldste deltakar var 91 år, yngste fire månader og låg i barnevogn.
 
Rett etter løpet var det frokost, premieutdeling og sosialt samver i grendahuset i Velledalen. Her vart det mellom anna vist film frå Konrad Brunstad sitt liv og virke. Konrad døydde i 2000, nær 90 år gamal.
 
Konrad Hanekambhaug med venner
Tre personar som markerte seg i årets Konrad-løp. Frå v: Nils Skylstad som var raskaste herreløpar, Konrad Hanekambhaug (som viste seg å vere kvinne) og Ragnhild Fjærestad som var raskast mellom kvinnene.
RESULTATER
Resultatliste Konrad-løpet
1.mai 2003 - Arr: Velledalen IL
1) Nils Terje Skylstad 16.02 (ny løyperekord)
2) Olaf Øien 17.09
3) Håkon Fedt 18.08
4) Terje Aurdal 18.21
5) Eivind Grebstad 18.31
6) Oddbjørn Brunstad 18.48
7) Robert Sve 18.56
8) Rolf Haxtow 19.10
9) Ragnhild Fjærestad 19.49 (beste kvinne)
10) Roger Hole 19.58
11) Johan Årdal Strøm 20.15
12) Jens Inge Klokkerhaug 20.21
13) Henrik Johan Holmberg 20.51
14) Aleksander Midtgård 21.12
15) Jon Runar Drotninghaug 21.15
16) Asbjørn Tandstad 21.24
17) Morten Abrahamsen 21.34
18) Øyvind Hunnes 21.38
19) Inger Riksheim 21.42
20) Jens Christian Hole 21.55
21) Ole P. Berge 22.12
22) Tove Tandstad 22.41
23) Per Gunnar Holmberg 23.08
24) Kjetil Kvammen 23.31
25) Odd Kvammen 23.35
26) Ståle Eikrem 23.38
27) Odd Lennart Lien 23.42
28) Svein Inge Nilsen 24.11
29) Petter Velle 24.13
30) Odd Kåre Fet 25.24
31) Bastian W. Aurdal 26.15
32) Espen U. Lade 26.48
33) Kjell P. Drotninghaug 26.57
34) Gunn T. B. Skylstad 27.09
35) Inger Fet 27.12
35) Ingunn Hunnes 27.12
37) Lene K Skogvold 28.00
38) Arnfinn Brunstad 28.02
39) Berit Emdal 28.43
40) Hilde R. Tandstad 28.44
41) Susanne Hole 29.32
42) Lovise Drotninghaug 30.05
42) Sonja Ødegård 30.05
44) Klovnen Sveio 30.27
44) Kenneth Fet 30.27
46) Anita Hjorthol 30.32
46) Mette Ulvestad 30.32
48) Jan Kåre Aurdal 30.52
49) Kurt J Lade 30.57
49) Bjørnar Akselvolkl Lade 30.57
51) Erlend Velle 31.10
52) Aud J. K. Hole 31.38
53) Grete Fet 32.19
54) Kari Solås 32.35
55) Randi Ulvestad 32.41 og Tomas Vangen
56) Torhild Skogvold 33.03
57) Ole Peder Holmberg 33.21
58) Oddbjørn Oterhals 33.55
59) Jarle Bjørkavåg 34.02
60) Henriette Breivik 35.07
61) Robin Urke Brunstad 35.11
62) Gunnar Skogvold 35.20
62) Jan Ove Skogvold 35.20
64) Christina Holmberg 35.23
65) Sebastian Kalvatn 35.29
65) Leif Kalvatn 35.29
67) Sondre B. Skylstad 36.04
68) Håkon Brunstad 36.06
69) Ellen Marie Hole 36.30
70) Rune Hole 36.38
71) Lillian Hole 37.32
72) Martine Holmberg 37.43
72) Laila Moen 37.43
74) Kim Andre Midtlid 37.45
75) Ellinor Brunstad 37.51
76) Ove Magnus Ødegård 38.16
77) Magnus Ødegård 38.19
77) Gunhild M. Klokk 38.19
79) Betty Solvang Nilsen 38.25
79) Odd Jan Hovland 38.25
81) Kjell Skogvold 38.36
82) Torleif Hole 38.40
83) Eldrid Sørensen 39.27
84) Elisabeth Urke Hjorthol 40.03
84) Julie Urke Hjorthol 40.03
86) Sivert Urke 40.29
87) Ingvill Øverås 40.33
87) Oddlin Urke Bøe 40.33
87) Elisabeth Hjellegjerde 40.33
90) Oddmund Skylstad 41.10
91) Bjarne Hole 41.13
92) Ann-Helen Hole 41.19
93) Jarle Lade 41.40
93) Anne Kari Hjorthol 41.40
95) Simon Skylstad Hole 41.42
96) ??? 41.45
97) Torild Hole 41.55
97) Sofie Skylstad Hole 41.55
99) Tove Lilleås 42.25
100) Deler av Velledalskoret 42. 28
--------------------------------------------------------------------------------------------------------
Av 250 påmelde, fullførte 240 i fin stil. Regn og kaldt vêr var tydelegvis inga hindring. Det vart varma opp med «aerobic og streching» i regi av Bjørg Frøystad Hole. Ute i løypa varma Velledalskoret med song
Over 200 av deltakarane åt seinare frukost i Grendahuset i Velledalen. Her var det premieutdeling. Hjellegjerde sikra seg napp i «Bedrifts-pokalen». Nils Skylstad, Velledalen, og Ragnhild Fjærestad, Vik i Sogn, tok bestemannsprisane. Vidare vart over 50 premiar trekte ut etter startnummer.
Høgdepunket i eit vellukka arrangement var likevel Odd Kvammen sin film om Konrad Brunstad. Ein tankevekkjande film både for unge og eldre, spekka med livsvisdom som den var.
Tomas Tandstad (91) var eldst, og Nikolai Nilsen (4mnd) yngst av deltakarane. Tomas brukte 45.46 på distansen. Men i Konrad-løpet er frammøtet viktigare enn slutt-tida.