Helge Hafsås med ny siger - og løyperekord
Løpsmaskina Helge Hafsås rasar vidare. Laurdag vann han Kongsvinger maraton med klar margin og sette samstundes ny løyperekord på 2.41.23.
Deltakinga hang i ein tynn tråd då nye togtider gjorde at det vart eit tidspress for å nå starten. Såleis var dette største spenningsmomentet denne dagen. Etter å ha lege i rygg nokre hundre meter gjekk han rett i tet og vart der verande.

Totalt vart dette Helge sin 88. maratonsiger.

Reportasje med bilete og resultat finn du på:

kondis.no/Hedmark