Vikjamili som vart arrangert på sundag hadde få deltakarar som sprang på tid, men det vart oppnådd fleire gode tider som viser at den kontrollmålte mili er ei rask mil. I herreklassen vart Odd Arild Løseth frå IL Høyang best med tidi 34.35, og dameklassen vann Hilde Mæhlum frå Vik på 40.57. Odd Arild Løseth tok kommandoen frå start og vart heile to minutt føre nestemann i mål. Hilde Mæhlum var einaste jente på startstreken. I tillegg til milløpet for dei som sprang på tid, var det eit kortare alternativ for dei som ynskte å gå eller jogga.
For dei mellom 10 og 16 år var det terrengløp. Her var det berre deltakarar frå Vik. Men løpet kolliderte med avslutning av skiskyttarsesongen på Liatoppen, og ein stor tropp frå Vik var av garde der. Det førte til langt færre deltakarar enn vanleg. Men nokre gode prestasjonar fekk me. Vigdis Hove og Anna Maria Holmberg (12 år) og Henrik Holmberg (15 år) såg ut til å vera i rute før friidrettssesongen.
Balestrand IL håpar på fleire deltakarar som spring på tid i Esefjorden Rundt. Og vikjene stiller med ein stor tropp 1. mai. Det er Vik IL som har vunne pokalen for beste 10-mannslag og 5-mannslag dei siste åri. Men det var ikkje ein frå Balestrand med i Vik. Fyrste bud for dei som ynskjer fleire deltakarar hjå seg sjølv er å stilla opp når naboen arrangerer noko. Då er det lettare å be andre om å komma heim til dei.





Resultatliste Vikjamili 2004

Damer Veteran 40-44 år
1. Hilde Mæhlum Vik 40.57

Menn Junior
1. Daniell Stokke Ørnar 46.29
2. Eirik Orvedal Vik 56.48

Menn Senior
1. Ivar Andre Slinde IL Høyang 36.36
2. Vidar Tistel Vik 36.58
3. Leif Bjørn Grindedal Vik 37.39
4. Gad Vik 40.37
5. Svein Hønsi Vik 40.50

Menn Veteran 35-39 år
1. Odd Arild Løseth IL Høyang 34.35
2. Jarle Berge Kyrkjebø IL 36.26
3. Trond Killingrød Syril 36.35
4. Arild Orvedal Vik 47.19

Menn Veteran 40-44 år
1. Arvid Brudevoll Vik 37.48

Menn Veteran 60-64 år
1. Hermund Kleppa Syril 51.10

Rapporten er motteken frå Arne Inge Sæbø

Her er heimesida til arrangøren av Vikjamili:

Vik IL