Glenn Edvardsen med Runa Bostad på slep
Glenn Edvardsen frå Nittedal var raskast i klasse 12-16 år og fekk også femte beste tid totalt. Her har han kvinnevinnar Runa Bostad på hjul, ca. ein km frå mål.
Tre glade Vidar-jenter
I år som i fjor vart det tredobbelt Vidar i kvinneklassen i Minitraver'n. Runa Bostad (midten) kopierte sigeren, Marianne Garmann Eide (til høgre) rykka ned frå andre- til tredjeplass, men forbetra tida medan Sofie van der Vlist Spiten kom på andreplass.
Ingvild Aas kjempa seg inn til fjerdeplass
Ingvild Aas er først og fremst skiløpar, men no vart det ein fin fjerdeplass i den 7,4 km lange og heller flate løypa som stort sett går på grusvegar. Berre ein km går i ulendt terreng med mellom anna bekkepassasjar som ein ikkje kjem seg tørrskodd over.
Anne Tine Markset slo til på heimebane
Det er Koll som arrangerer Mini- og Nordmarkstraver'n, og Anne Tine Markset bur på Nordberg og spring for Koll. Denne vakre laurdags føremiddagen stilte familien Markset sterkt, og Anne Tine, far Kjell og bror Trygve tråva rundt på kjente vegar. Etterpå kunne Anne Tine hente premie som vinnar av den yngste jenteklassen. Pappa Kjell vann klasse 40-49 år medan Trygve vart nummer tre i klasse gutar 12-16 år.