Elin Mellemstrand - no også langdistanseløpar
På Vidar sitt Holmenkollstafettlag bruker ho å ha ein av dei kortaste etappane. Men i Nordmarkstraver'n viste 400 og 800 m-løparen at ho òg kan springe langt. Her rundar Mellemstrand siste svingen og spring inn til ein fin fjerdeplass på 2.37.43.

- Eigentleg er det mindre hardt å springe lange distansar. Da er ein ikkje sliten før mot slutten, meinte Elin som òg har lyst til å prøve seg på maraton.
Fin femteplass til Siri Halle
For 13 år sia vann Siri Halle to gullmedaljar i junior-VM på ski. No var ein av mange glade deltakarar i Nordmarkstraver'n. Smilet hadde Lyn-jenta med seg heilt til mållina som vart kryssa på 2.38.14.
Åsmund Morgestads andre siger i Traver'n
Han er berre 22 år, men har alt vunni Nordmarkstraver'n to gonger. Men så liker også Åsmund Morgestad godt å springe langt i skogen. Sist helg imponerte han med åttandeplass i NM terrengløp, og no var han ustanseleg på ferda frå Stryken til Kringsjå. Vinnartida på 1.54.08 var den beste sia 1995. Da endte løypa ved Idrettshøgskolen og var ca. 600 m kortare enn i dag.

- Dette var siste løpet mitt i år. No startar førebuingane til skisesongen, fortalte Åsmund etter målgang. Og i den sesongen er det Vasaloppet som er hovudmålet for Ren-Eng-løparen som bur og studerer i Oslo.
Carlos Silva de Britos debuterte med andreplass
Carlos Silva de Brito og Åsmund Morgestad heldt følge på det første strekket med grusveg, men så snart dei kom ut på sti, fór Åsmund ifrå. Carlos prøvde å ta opp jakta på neste parti med grusveg, men til slutt vart det for strevsamt å tette luka og i mål var avstanden på sju minutt. Her passerer ein nokså sliten Carlos Idrettshøgskolen ein dryg halvkilometer frå mål.
Geir Skari - enno ikkje i pappaperm
Geir Skari har trent godt i det siste. I Drammensmaraton for tre veker sia sprang han halvmaraton på 1.16, og no vart det tredjeplass i Nordmarkstraver'n. Og enno har han nokre månader å forbetre formen på før han skal inn i den krevande farsrolla.
Reed-brør på fjerde- og femteplass
Ragnvald Reed kom først ut av skogen ein km frå mål, men ikkje langt bak kan vi skimte bror Lars (418) og Jon Øxnevad. I mål hadde stillinga endra seg. Lars Reed sneik seg sekundet framføre Ragnvald Reed som måtte nøye seg med femteplass. Jon Øxnevad var ni sekund bak der igjen på sjetteplass.
Hauststemning ved Sognsvann
Det var ein av dei dagane det var kjekt å vera ute, enten ein sprang eller trilla barnevogn. Det var Nordmarkstraver'n på sist beste - ein siste smak av sommar og tydelege teikn på den hausten som snart tek over...