Over fjellet for første gang
Lyseblå morgonhimmel. Eg er endeleg på plass i startbåsen. Klokka har så vidt passert åtte, og dei seier det vil bli litt mildare i lufta enn det gårsdagens prognosar anslo.

Av Ole I. Gjerald

Sekk og ski vert plasserte midt inne i det tilmålte området til startpuljen. Oppvarmingsjogginga med stavar er nærast for ei rituell handling å rekne, men dei neste minuttane gjev meg i det minste tid til å summere opp morgonen: Ut av soveposen 03.45. Kjapp dusj på Birkebeineren Hotell. Ned i matsalen saman med sambygdingar for å hyve innpå stor frukost. Brødmat, frukt og havregraut. Pakking av ski og utstyr i bussen og avreise frå Lillehammer 04.30. Etter to timars slumring i monoton bussdur var me framme ved startområdet litt vest for Rena sentrum.

Her venta finishen med festesmurning som fyrste gjeremål. Eit tunt lag grunnvoks, det er grøn Toko som gjeld, vart varma inn i skia i smørjebua på hotellet i går kveld. Og eg kan love det var diskusjonar i den smørjebua! Mest om smurningsval, men også om matinntaket veka før rennet, bunkring av saltvassløysing og karbohydrat døgeret før start og til slutt om behovet for skikkeleg søvn siste natta. Det siste temaet framskunda oppbrotet frå smørjeøkta. Med nypreppa ski under armen tusla me opp på rommet, vel vitande om at mobilen ville vekkje oss dryge fem timar seinare.

Miks av Swix

Ei raud sol kikka fram då me steig or bussen på Rena, og eg merka så vidt eit svakt drag i lufta. Nokon nemnde at det truleg ville vere motvind på fjellet, men eg lest som eg ikkje høyrde det. Tunne innpakkingslag med turrvoks stod altså no for tur. Valet fall på ein Swixmix. VR55, VR60 og VR65. Til slutt veging og tilpassing av sekken (3,6 kg!), ei siste brødskive og nokre nervøse vasslurkar, det siste toalettbesøket (for mange av oss bak bussen), på med startnummer og leggbrikke (for dei av oss som til slutt fann dette i sekken, puh...) og så endeleg finne rett puljeinngang.

Sidan eg er debutant i Birken, frykta eg lenge at eg skulle hamne i ei av dei siste startpuljane. Nokre dagar før seedingsrennet på Golsfjellet dundra nemleg årets influensa inn i heimen. I febertåke og med pledd heilt opp på bringa, tyggjande på ei blanding av rosiner, turmiks og salmiakkdrops, såg eg meg sjølv trygt plassert i pulje 16. I lag med dei som har med appelsin og mjølkesjokolade i tursekken, og som tykkjer det skal bli fint å kome seg av garde fordi det brukar vere slikt eit folkeliv på matstasjonane. Saman med dei som er opptekne av å prate jovialt om at me femten kilometer før mål passerer hytta dei brukar vere på i påska.

– Eg må sjå etter hytta før eg passerer Sjusjøen, seier dei kanskje, litt oppe i lia etter ein kvass venstresving.

Sesongen baud på fleire seedingsrenn. Sjølvhøgtidlege birkebeinarar med merkeambisjonar og fluor under skia fekk såleis rikelege høve til å sikre seg ei meir attraktiv starttid...

Silande sveitte

Fire minuttar til start og brukbar kontroll på sjekkpunkta.

– I alle høve for seint å gjere endringar no, kjem det tørt frå sidemannen. – God tur, forresten!

Klare? Klare! Startskotet går presis 08.20. Leggbrikka startar tida fyrst når kvar einskild passerer "matta" ved enden av Tingstadjordet. Ingen tendensar til konfliktar eller kaos i mølja. Opningsfarten er til å leve med, og det kjennest greitt å leggje seg litt til venstre i køen i det jamt stigande skogsterrenget opp mot Skramstadseter (9 km).

Sola varmar, sveitten siler og fire koppar varm sportsdrikk glir ned på veg gjennom den fyrste matstasjonen. Eg har bestemt meg for å få i meg det eg greier i fart; ein stoggar jo helst ikkje i skirenn, må vite! Men erfaringane frå Søre Ål-rennet tidlegare på vinteren gjer at eg likevel gjev meg sjølv litt tid.

Litt for mjuk festevoks? Vel, tråe ski er vel nokre hakk betre enn dårleg feste, trøystar eg meg med. Skyvet er tungt i motbakkane, men det gjeld å tenkje positivt.

Me held fram i glissen lauvskog oppunder Dølfjellet (13 km). Framleis ingen teikn til den lokale konkurrenten Langpendlaren som starta i min pulje. Heldigvis ikkje til sambygdingane Teknekten eller O-løper'n som kjem halsande i puljen bak heller.

Nordvestover til Dambua (15 km) går det etter kvart kvast nedover. Fyrste energibaren blir fortært i stor fart i utforstilling. Så freistar eg å skru opp takten i dei kuperte stigningane opp til Raudfjellet (20 km). No får det bere eller breste; det er dette me har trena for, er det ikkje?

Frå Nysætra (23 km) ber det gjennom småkupert og skoglendt terreng ned til Kvarstaddammen (27 km). Halvveges til mål! Kjeks, bollar og ein halv banan går ned medan eg speidar etter kjende andlet – som eg helst ikkje vil sjå no! Framleis er korkje Meklaren eller Langpendlaren å sjå, og eg bestemmer meg for å slutte å leite. Frå no av må eg halde fokus. Gå mitt eige løp, som det heiter i sportsjournalistikken sine termar.

Null feste

I dei fyrste stigningane opp mot Midtfjellet (34 km) er det stadvis blank is i spora. Null feste, og ei snikande uro for at all festesmurningen er borte, tek brått alt fokus. Skulle det verkeleg gå slik? Arrgh! Ei utsegn frå den amerikanske fotballtrenaren Joe Paterno står på repeat:

– What counts in sports is not the victory, but the magnificence of the struggle. Jo takk!

Heldigvis er det såpass stigning at me etter nokre kilometer kjem opp i tørrare snø att. I dei lange stigningane med glatte ski er det umogleg ikkje å skjenne på seg sjølv for manglande trening av overkropp generelt og armar spesielt. Det kjennest som eit mirakel, men swixmiksen under skia byrjar så vidt å virke att. Eg slær frå meg å supplere med klister. Svært letta over avgjerda feirar eg det tilbakevendande festet med å nyte turen i det opne fjellterrenget. No er det dobbelttak med fråspark som gjeld. Han med dei oransje Rossignol-skoa, som lenge har gått heilt oppå bakskia mine, må sleppe. Huhei!

Kroppen er tilbake i flytsona, og tanken på å klare merket melder seg att. Det minner meg på merkedebatten som gjekk på e-post og på fleire skibloggar tidlegare i vinter. Innimellom heseblesande tjuvtrening, høgdeopphald på Storefjell, treningsleir på Beitostølen og eksperimentering med nye fluorbaserte glidprodukt, registrerte langrennsmiljøet i heimbygda at endringar var på gang: Arrangøren ville at fleire skulle greie merkekravet i Birkebeinarrennet!

Då rennet gjekk over til seeda puljestart i 2005, vart det tøffare å klare merket. Dei siste åra har merkedelen gått ned med nesten 11 prosent. Nye retningsliner for utrekninga av merketidene inneber at dei best seeda i aldersklassar som startar i elitestartane ikkje lenger er med i berekningsgrunnlaget for maksimaltida.

– Vel skal merket hengje høgt, men det har dei siste åra vore i overkant tøffe krav, var ein lokal konklusjon. Andre meinte at dei nye reglane kjem av at dei yngre generasjonane taper seg. Før gjekk ein med 5,5 kg på ryggen. No med 3,5. Ein klatra opp frå Lillehammer annakvart år, og køyrde slalåm med krampe i alle musklar ned til Stampesletta året etter. No går løpet berre frå Rena.

– Og no? Lettare krav til merket? Kva blir det neste? Scootertransport opp frå Kvarstad? Nei, dette blir for ’lætt’, hevda dei tøffaste; – reine barneskirennet!
---------------------------------------------------------------------------

Bli medlem! Les hele artikkelen og Få 9 feite Kondisnumre hvert år!
Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!
APRIL 2009
ÅRGANG 2009
KONDISARKIVET