Ein typisk nyttespringar
Ho er kanskje ikkje den mest glamorøse TV-kjendisen. Men Linda Eide er heilt klart ein av dei vettugaste. Og sprekaste. Dama som i nest beste sendetid på muntert vis har synt fram norske attraksjonar, slår i Kondis eit slag for nyttespringinga.

Av Marit Bjerknes og Runar Gilberg

- Jau, eg er ein typisk nyttespringar, seier ho når Kondis møter henne på eit hotell i Sandvika. Der held ho føredrag over temaet "VM i stille sitjing" på konferansen til Nasjonalt råd for fysisk aktivitet. I føredraget er ho optimistisk på fedrelandets vegne og trur vi snart kan gå heilt til topps i den beinharde idretten "stille sitjing".

- Det er klart USA har hatt eit forsprang på oss som har syntest uoverkommeleg å skulle ta att, særleg fordi dei så konsekvent har skjønt at ein må parkere sykkelen og satse heilhjarta på bilen om ein skal bli best til å sitje stille. Men eg trur vi er på god veg til å tette luka. Bilvegane blir stadig breiare, og det blir heile tida lagt hinder i vegen for både syklistar og springande. Eg trur jammen vi kan ta opp konkurransen med amerikanarane og gå heilt til topps, ironiserer Vossejenta som mange kjenner frå TV-serien "Norsk attraksjon".

Sjølv dei seriøse forskarane som høyrer på henne bryt ut i latter og applauderer når ho køyrer multimedieshowet sitt og åtvarar norske styresmakter mot å sjå til Nederland og byen Groningen:

- Der har dei tabba seg skikkeleg ut og gitt syklistane førsteretten i gatene. Heile 65 prosent av transporten i sentrum der går føre seg med sykkel, mot berre 3 prosent i heimbyen min, Bergen, som er like stor. Let ein syklistane først få veslefingeren, tek dei fort både handa og heile byen. Og da kan vi berre sjå langt etter VM-gullet…

"Hadde sykkelen vorti prioritert som framkomstmiddel på kostnad av bilen, hadde både miljø- og helseskadane gått dramatisk ned."

Mindre ironisk er Linda Eide når vi møter henne etterpå. Ho er lettføtt, pratsam og full av innfall. Gir av seg sjølv enten det er fotografering eller intervju. Og ho har mykje på hjartet.

- På ein måte så er det ikkje så nøye for meg om folk rører seg eller ikkje. Eg tek det ikkje personleg, og det er ikkje meg det går utover om dei sit i ro. Men eg synest det er litt rart at styresmaktene som sit med både helse- og miljørekninga, ikkje legg til rette for at vi kan frakte oss sjølve springande og syklande. Hadde sykkelen vorti prioritert som framkomstmiddel på kostnad av bilen, hadde både miljø- og helseskadane gått dramatisk ned. I Bergen argumenterer vegstyresmaktene med at det ikkje er plass til ein smal sykkelveg, men motorvegar med både fire og sju felt finn dei stadig rom til, sukkar sykkelentusiasten som òg nyttar beina til transport.

- Eg spring til eller frå jobb fleire gonger i veka. Sia eg har berre 3,5 kilometers veg, utvidar eg gjerne ruta litt slik at eg held på ein times tid. Men dessverre er forholda lagt betre til rette for dei som køyrer bil enn dei som spring eller syklar til jobb. Langt fleire arbeidsgjevarar har store parkeringsplassar enn dusjanlegg til sine tilsette.

Ho undrast likevel over at det ikkje er fleire som har fått auga opp for nyttespringinga. Sjølv spring ho òg til butikken og for å vitje venner.

- Det hender at eg spring heim frå fest òg. Da er eg heime ein halvtime tidlegare enn om eg skulle gått.

Verst synest ho det er med dei som køyrer til treningssenteret og der set seg på spinningsykkelen eller hoppar på tredmølla for så å køyre heim igjen etterpå.

- Dei kunne iallfall ha montert ein dynamo på spinningsykkelen og laga litt straum!

Nei, det er ikkje akkurat nyttespringing å bruke masse tredemøllestraum for å vera sikker på at ein ikkje kjem nokon stad med springinga si.

"Dei kunne iallfall ha montert ein dynamo på spinningsykkelen og laga litt straum!"

Linda Eide likar å komma nokon stad. Ein gong sykla ho frå nordenden av Danmark til Nederland der ho besøkte bror sin. Før ho sykla tilbake.

Ein annan gong ho var i Danmark – for å gifte seg – hamna ho på trening for folk som skulle delta i København Marathon. Dei skulle springe 15 kilometer, og det var inndeling etter nivå med ballongar som synte farta. Linda stilte seg i gruppa under ballongen med 4 på og tenkte at sjølv om ho kan hende ikkje klarte ein maraton på fire timar, så burde no ei og ei halv mil i det tempoet gå greitt.

Men det gjorde det ikkje. 4-folka la ut i ei fæla fart. Ho måtte berre sleppe og vart òg ganske fort teken att av både 4.30- og 5-gruppa. Det var da ho forstod at det ikkje var maratonsluttida som stod på ballongane, men km-tida dei skulle ha på treningsturen.

- Eg har sprungi halvmaraton tre gonger og kunne – sjølv om ikkje det er typisk nyttespringing – tenkt meg å springe maraton ein gong. For eksempel i Stockholm. Eg er der ganske ofte sia ho eg er gift med kjem der i frå, og når eg spring over Vesterbron, hender det eg tenkjer på andrerunden i Stockholm Marathon.

Men Linda Eide har ikkje den store trongen for å ha ein folkehop ikring seg.

- Eg er ikkje den som flaggar at eg trenar, men eg har alltid med joggeskorne når eg reiser. Best likar eg å springe åleine, men hadde eg funni ei gruppe som dreiv god gammaldags idrettslagstrening med ein springtur først og litt gymsalstrening til slutt, hadde eg gjerne vorti med, seier 38-åringen. Stolt viser ho fram den loslitte Bjørgum IL-jakka til både fotografen og forskarforsamlinga.

Men i tillegg til nyttespringinga og -syklinga driv ho òg anerkjente idrettar som fotball, tennis og badminton.

- Kondisen kjem til sin rett både når eg speler badminton og fotball. I badminton kan eg slite ut motstandarar som eigentleg er betre enn meg, og i old girls-fotballen så er det, for å seie det slik, ikkje spesielt vanskeleg å imponere om ein har litt kondis. Men som fotballspelar er eg talskvinne for teknisk spel. Det er moro dersom vi får til godt samspel, og kan hende litt for ofte høyrer eg meg sjølv skrike: "Nei, no må de slutte å måka ballen!"

Ho er talskvinne for mykje og mange, Linda Eide. Men først og fremst er det minoritetane si sak ho snakkar, enten det er vilkåra til syklistane, teknikkarane eller nynorskbrukarane. Ho kjenner slektskap til Ivar Åsen som òg var ein typisk nyttespringar. Mannen tok seg jo rundt heile landet til fots for å få oversikt over talemålet i landet – og fekk heilt sikkert god kondis.
------------------------------------------------




Les hele artikkelen i KONDIS
Bli medlem i KONDIS og få hele 8 nummer i året med KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende


Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!
Desember 2007
ÅRGANG 2007
KONDISARKIVET oversikt over alle artikler siden juli 1998. Les smakebiter fra 2001 og alle senere år.