Å setje strek over livsverk
5000 m-persen min har 20-årsjubilum i år. 15.23,4 sett på Bislett ein flott august-kveld i 1987. No er han truga – av Svein Arne Hansen. Han vil ta rekorden ifrå meg fordi han meinar at eg var dopa.

Nå ja, så rett ut seier han det ikkje. Han vil slette alle verdsrekordar og starte på nytt fordi han meiner dei fleste verdsrekordane vart sette med ureine middel. Men slettar ein verdsrekordane, må ein òg slette dei norske rekordane sia vi ikkje kan ha nasjonale rekordar som er betre enn verdsrekorden. Og stryk ein dei norske rekordane, må alle norske 5000 m-tider strykast om ein skal unngå å få ein norsk rekord.
Det er med andre ord mange rekordar – inkluderte dei vi kallar personlege – som er i fare dersom den norske friidrettspresidenten og den europeiske visepresidenten får det som han vil.

Mest direkte er likevel skuldinga mot dei som har sett verdsrekordar: Grete Waitz, Ingrid Kristiansen, Sonia O'Sullivan, Haile Gebrselassie, Sebastian Coe, Belayneh Dinsamo, Paula Radcliffe for å nemne somme. Rekordane skal strykast, for dei som sette dei høgst sannsynleg var dopa, argumenterer Hansen.
Ikkje alle desse har rekordar som står i dag, men stryk ein den siste rekorden i rekordutviklinga, må ein òg stryke den neste siste og vidare bakover, for elles vil dei rykke opp og bli verdsrekord.

Dragsuget
I dragsuget til herr Hansen ryk alle rekordar med. Til og med min, sett som 22-åring på Bislett i god tid før eg visste kva EPO og HGH var.
Hansen meiner vi var dopa på 80- og 90-talet. Testane var for dårlege den gongen.
No er testane gode. Dermed kan vi byrje på nytt og igjen setje rekordar. Først og fremst verdsrekordar og aller helst på "verdsrekordbanen Bislett."
Fram til årtusenskiftet vart det sett 69 verdsrekordar på Bislett stadion. Den noverande friidrettspresidenten var som sjef for Bislett Games med og haussa opp mange av dei. Store seddelbunkar vart brukt for å få dei store stjernene til å komma til Bislett for å setje rekord. "Verdsrekord" var mantraet som skulle trekkje publikum til dei årlege storstemna, og Svein Arne Hansen stod i bresjen for det heile. Ikkje lite kry var han dei gongene ein Sebastian Coe, ein Yobes Ondieki, ein Steve Cram eller ei Ingrid Kristiansen sette rekord.
No seier han at det heile var bedrag. Rekordane vart oppnådd ved hjelp av juks, og han prøver å få det internasjonale friidrettsforbundet til å styrke alle verdsrekordar – inkludert dei han sjølv heia fram, betalte for og tente på som Bislett-general.
Slik at han kan køyre same showet ein gong til.
- Idretten treng profilar, og for å bli ein profil i denne idretten, er rekordar svært viktige. Interessen er i ferd med å dabbe av, og eg trur ei nullstilling av verdsrekordane vil vera veldig positivt, seier Hansen til NRK.
Ikkje lat han få lov, seier eg, for det er mistenkjeleggjering, historieforfalsking og overlagt forsøk på manipulasjon.

Let oss ikkje lure
Heldigvis trur eg vi er mange som ikkje let oss lure. Vi veit at det blir ikkje verdsrekord om nokon spring 800 m på 1.42 under Bislett Games neste år. Sjølv menn med president-titlar knipsar ikkje bort Wilson Kipketer sitt 1.41,11-løp frå historia.
Og eg undres framleis kva Svein Arne Hansen har tenkt å gjera med Vebjørn Rodal sin olympiske rekord på 1.42,58 – når han har fått Wilson Kipketer sin rekord stroken. Skal han forskjellsbehandle norsk og dansk og la oss leva med den ulogiske meiningsløysa at vi har ein olympisk rekord som er betre enn verdsrekorden? Eller skal han òg stryke det som mange reknar som tidenes største norske idrettsprestasjon frå idrettshistoria?
Nei, stryk rekordane til dei vi veit var dopa – f.eks. Mohammed Mouhrit sine europarekordar på 3000, 5000 og 10.000 m. Han diskvalifiserte seg sjølv ved å teste positivt på EPO like etter at han hadde vori i rekordlune. Fjern Brahim Boulami som rekordsetjar på hinder i 2001 – han avslørte seg som EPO-juksar. Det finst god dokumentasjon i STASI-arkiva på at mange øst-tyske rekordsetjarar var dopa. Fleire av dei har motteki erstatning frå staten som stod bak dei helseskadelege, men rekordframbringande dopingprogramma.

Slett rekordane til desse og dei andre vi veit var dopa, og lat dei som held på no få veta at dei mistar alle rekordar, medaljar og plasseringar som dei allereie har oppnådd dersom dei i framtida skulle bli tekne for doping.

Hysteri
Men ikkje lag dumme kollektive dommar som heilt sikkert vil ramme uskyldige. Det er slettes ikkje umogleg at Sonia O'Sullivan var rein da ho sette 2000 m-verdsrekorden i 1994.
Og spar oss for ein ny runde med verdsrekordhysteri. Kall spaden med sitt rette namn – årsbeste eller årtusenbeste – dersom det er så viktig å gløyme i fjor eller 1900-talet.
800-persen min er skral, mest halvminuttet dårlegare enn Wilson Kipeter og Vebjørn Rodal sin. Men eg vil ikkje at han skal gå med i det store raset som kjem dersom Svein Arne Hansen får fleirtal for sitt forslag om å øydeleggje friidrettshistoria.
Den vart sett på Guldbergaunet i 5 varmegrader 10. oktober 1983.

Runar Gilberg

.....................................................


Bli medlem i KONDIS og få hele 8 nummer i året med KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende


Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!
JUNI 2007
ÅRGANG 2007
KONDISARKIVET