Årets tøffaste utfording?
Sunnmøringane utfordrar hardhausar frå resten av landet til vikingduell. Landevegsløpa Nordvestmaraton og Frå Fjord til Fjell i Geiranger har gått saman med fjelløpa Varden Opp og Saudehornet. Deltaking i tre av fire løp gir status som Ekte Viking med ære og berømming, samt eit vitnemål i ramme og glas.

Av Trine Pilskog

Fyrst ut er Geiranger Halvmaraton 16.juni. Deretter byr Sula inn til fjelløpet Varden Opp der ein skal opp til 776 moh. Løpslengda her er 7550 meter. Så kjem det brattaste fjelløpet i Norden, Saudehornet Rett Opp som i fjor var NM-arrangør i motbakkeløp.

Kremen på kaka vert Nordvestmaraton 1. september. Spring ein heilmaraton får ein tittelen Ekte Viking medan halvmaraton gir status som Viking. Løypa startar på Rundebrua og går over ei rekke øyar med målstreken på Hareid, rett ved Ålesund.

Kvart løp er ein styrkeprøve i seg sjølv, men for dei aller tøffaste gir det no høg status å gjennomføre minst tre av fire.

Det er fyrste gong arrangørane samarbeider om dette og spenninga er stor også i staben.

- Vi voner å gjere kvarandre betre og auke deltakinga, seier Elise Rusten, representant for Nordvestmaraton og talskvinne for Vikingprosjektet.

Austlandet har Birkebeinaren, Trøndelag sykkelrittet Trondheim – Oslo og da er det kanskje på tide at vestlandet får si eiga ”manndomsprøve.”

Møte med naturen

Utfordringane står i kø. Ikkje berre i møte med konkurrentane men like mykje i møte med naturen og kanskje aller mest i møte med seg sjølv. Bratt terreng, samt ustabile vêrforhold kan gjere løpa ekstra utfordrande.

Frå verdas vakraste fjord til fjelltoppen Dalsnibba er det ei stigning på 1496 meter. Det er ei flott løype oppover dalen. Er du heldig, har cruisepassasjerane kome og heiar deg opp og fram i svingane.

Varden Opp på Sula er halve høgda, og løypa går mest i terrenget. Starten går i Langevåg sentrum med målpassering på toppen av Vardehornet på Sula, nabokommunen til Ålesund.

Saudehornet i Ørsta kjenner dei fleste til etter fjorårets vellukka NM-arrangement. Der vert det nærmast klatring på steinblokker dei siste meterane, noko som gir deltakarane variert moro. Vel oppe byr toppen får ein ei svulmande utsikt over Sunnmørsalpane.

Maratonløypa som siste vikingutpost startar på fugleøya Runde og passerer fleire øyar på veg mot fastlandet. Målpassering vert på Hareid som arrangerer dette løpet for 17. gong i år.

Skiskyttar Hans Martin Gjedrem er ein som alt har meldt si interesse. I år vert det tiande gongen han spring Geiranger halvmaraton. Sunnmøringen ynskjer å markere det med å slette sin eigen rekord på 1.30.10. Han har vidare lova seg bort til Varden Opp, og han kjenner også Saudehornet godt frå NM-deltakinga i fjor då han kom på sjuandeplass. Nordvestmaraton vert nok den største utfordringa, vedgår han. Men sidan halvmaraton er godkjend til vikingstatus, tek han utfordringa på strak arm. Tre av fire løp skal han få til, slår han fast. Det er berre for arrangøren å starte prentinga av æresdiplomar.




Bli medlem i KONDIS og få hele 8 nummer i året med KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende


Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!
JUNI 2007
ÅRGANG 2007
KONDISARKIVET