Tilbake i gjørma ti år etter
Når o-løparar kan konkurrere i ulendt terreng kvar helg, må vel eg kunne greie det ein gong kvart tiande år, tenkte eg og meldte meg på Råskinnet. Sist eg var med var i 1997, det året Råskinnet skapte bølgjer første gong.

Av Runar Gilberg

Og verken Sognsvann eller dei mange myrhola har vorti grunnare i mellomtida. Hoppbakkane inne ved Maridalen hellar minst like bratt både ned og opp, no som da. Dei er berre litt meir attgrodde – av ein natur som heldigvis evnar å ta tilbake.

Løypa i år er ikkje ulik ho som vart brukt første året. Vi er ute i to av dei same langstrakte myrene, og vi sneiar ei av buktene av Sognsvann på om lag same vis. Største skilnaden er at løypa i år er temmeleg mykje lengre. I staden for ein tur ut i Sognsvann, blir vi no æra med tre. Lengdeskilnaden vises òg på tidene. I 1997 vann Remi Andersen på 29 minutt; i år var Sindre Buraas si vinnartid 45. At Råskinnet er 8 km, kan med andre ord bety eitkvart mellom 5 og 10 km.

Vindskeiv

I løpet av dei ti åra har det ikkje berre dei nedlagde hoppbakkane som har eldtest. Somme av deltakarane, inkludert meg sjølv, er òg vortne ei aning meir vindskeive i framtoningen. Medan eg i debutåret vart nummer fire, knappe tre minutt bak vinnaren, er eg no nummer 36, over seks minutt bak Buraas. Trøysta får vera at eg òg har bortimot 300 fleire bak meg i løypa.

Både no og for ti år sia har eg sprungi Sentrumsløpet ei veke før Råskinnet. Også i Sentrumsløpet gjekk det seinare – godt og vel minuttet – no enn den gongen. At eg er ein av dei som meistrar myr dårlegare enn asfalt, er det lett å finne prov på. Bjørnar Andersen som slær meg med mest tre minutt og vinn klassen min i Råskinnet, hadde eg 22 sekund bak meg i Sentrumsløpet. Andreas Myhre Sjurseth utklassar meg i Råskinnet med fire og eit halvt minutt. I Sentrumsløpet var avstanden berre fem sekund.

Underleg nok har eg same mannen på plassen framføre meg i både Sentrumsløpet og Råskinnet. Statistisk sett er det små sjansar for at akkurat det skal hende i to så ulike løp med pluss/minus 1000 deltakarar, men Bjørn Johannessen verkar å vera omtrent like hjelpelaus i myra som eg. Iallfall tek min gode Kondis-kollega på seg hareoppgåva begge stader, og mest takknemleg for draghjelpa er eg nok i Sentrumsløpet.

For i Råskinnet er det jamt over harar nok. Der stiane er smale, blir det fort lang, lang rekke. Der det ikkje er sti, spreier feltet seg ut i breidda, og dei som les myra best og plumpar minst, kan avansere. Sjølv om eg kvelden i førevegen hadde sprungi gjennom løypa og prøvd å planleggje kor eg både skulle trø og ikkje trø, er eg ein av dei som ikkje avanserer…

.....................................................

Les hele artikkelen i KONDIS
Bli medlem i KONDIS og få hele 8 nummer i året med KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende


Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!
JUNI 2007
ÅRGANG 2007
KONDISARKIVET