Borna stormar til Haugesund
Det er yrande liv på friidrettsbana i Haugesund fleire gonger i veka. Borna og ungdomane stormar til klubben for å drive friidrett. Nyleg hadde dei ei svært vellykka friidrettssamling med over 50 born og unge. Det var tydeleg å sjå at springing er populært.

Av Kristin Roset
Over 50 born og unge mellom 11 og 17 år hadde meldt seg på friidrettssamlinga til Haugesund Idrettslag fredag og laurdag 13. og 14. april. Samlinga gjekk over to dagar, med overnatting og måltid på HIL-huset. Foreldra laga til god mat både morgon og kveld, så friidrettsutøvarane var i gode hender frå første stund av.

Det heile blei sett i gang med ei fellestrening fredag kveld. Torbjørn Fjeldheim, Astrid Skiftestad og Astrid Dahle heldt styr på alle dei ivrige ungdomane. Etter god aktivitet var det sosialt samvær og mat. Om det blei noko søvn på dei unge håpefulle er vanskeleg å seie, men slikt høyrer med på ei treningssamling.

Ivrig på mellomdistanse
Fyrste økt starta klokka 10 der utøvarane fordelte seg på dei disiplinane dei hadde meldt seg på. Trenarane stod klare til dyst og fekk med seg svært motiverte ungdomar. Anne Marie Gausel og underteikna representerte Rogaland Friidrettskrets på trenarsida. Anne Marie tok for seg kulekast saman med Øyvind Rønhovde og eg var trenar i mellomdistanse saman med Steinar Vestvik, Randi Berg og Astrid Skiftestad.

Mellomdistansegjengen var veldig frampå og ynskte seg ei god økt. Det blei køyrt 200 metrar med 100 m jogg som pause, deretter seriepause og nye 200 metrar med 200 m jogg og raskare fart. Fire av jentene, Ingvild Rønhovde (Stord), Ida Halvorsen Verpe ( HIL), Nina Andersen (Sandnes IL) og Ingrid Haga (HIL) sprang 14 stykk og fullførte i god stil. 17-årige Ingvild Rønhovde hadde nyleg vore på treningsleir i Portugal og hadde der hatt nokre liknande økter. Ho var høvesvis berre halvsekundet bak bronsemedaljør Miriam Berg Hovda under terrengløpskarusellen i Haugesund same veka. Det gror med andre ord godt i mellomdistanseløpinga landet over.

Stafett
Den yngste gruppa på 11 og 12 år var ikkje mindre ivrige enn den eldre garde, men fekk naturleg nok andre ”arbeidsoppgåver” på bana. 200-meters stafettar fall i god smak, og dei imponert med høg fart og god teknikk. Det var ikkje vanskeleg å sjå at løpsmiljøet er i godt vigør i Haugesund.

Utøvarane virka svært godt nøgde og litt slitne. Søndagen bydde nok på litt stive musklar for nokre, men det er akkurat slik det skal vere etter ei friidrettssamling. Då har ein hatt full innsats. No blir det spennande å sjå korleis sesongen startar for dei unge håpefulle. Motivasjonen på friidrettsbana var iallfall ingenting å seie på. Dei oste av energi heile vegen, også frå foreldre og trenarar. Det er kjekt å sjå kva dugnad kan gjere for eit miljø.


Les alle UNGkondisartiklene i KONDIS
Bli medlem i KONDIS og få hele 8 nummer i året med KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende


Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!
MAI 2007
ÅRGANG 2007
KONDISARKIVET