NM på Sola og "NM" i London
59 maratonløparar kjempa om NM-medaljar og gode plasseringar på Sola. 22 fleire norske sprang same helga maraton i London. Dei beste norske tidene i både kvinne- og herreklassen kom i London, men dermed ikkje sagt at det var der nivået var høgst.

Av Runar Gilberg

• Trond Idland vart norsk meister på maraton på 2.21.25. Dagen etter sprang Ørjan Lunde minuttet fortare i London.
• Marit Årthun vart norsk maratonmeister på 2.59.58. Dagen etter sprang Margaretha Baumann dryge minuttet fortare i London.
• På Sola sprang tre menn under 2.30 og sju under 2.40. I London fekk vi ein mann under 2.30 og tre mann under 2.40.
• Fem kvinner sprang under 3.30 på Sola og tre klarte det same i London.

Sjølv om spissen var ei aning høgre i London, så var breidda i toppen noko betre på Sola. Og tidene seier som kjent ikkje alt. Ikkje berre i fotball gjeld det av og til å sjå bakom resultatet.

Trond Idland måtte springe heile vegen åleine, utan drahjelp i ei løype der vinden auka på etter kvart. Temperaturen, ein 5-6 grader, var derimot ideell for maratonspringing. Ørjan Lunde hadde felt å springe i fram til 25 km, og vind var det ikkje mykje av. Til gjengjeld gjorde varmen at mange fekk det tungt i London. Den norske maratonmeisteren frå i fjor, Henrik Sandstad, gjekk til dømes tom og kom i mål på 2.31.37 etter å ha jogga den siste mila.

Sjølv har eg sprungi begge stader, og er ikkje i tvil om at løypa i London er eit par hakk raskare enn den på Sola. London-løypa har nesten ikkje motbakkar og eit netto fall på ca. 40 meter. Sola-løypa er òg så å seie flat, men inneheld likevel 14 undergangar der ein må ca. 3 meter ned og 3 meter opp igjen på andre sida. Mål var plassert ei halv flaggstong høgre enn start.

Konklusjonen får bli at det hadde vori utruleg spennande og sett både Trond Idland og Ørjan Lunde, både Marit Årthun og Margaretha Baumann i same NM-feltet. Med ei samanslåing av dei to gode norske felta denne helga, kunne NM vorti ei flott mønstring av norsk maratonspringing.

Rabalder

Og dermed er vi over på det som kan oppfattast som kritikk av Friidrettsforbundet. Same helga som dei sjølv arrangerer NM, så sender dei to av landets beste løparar til utlandet for å springe same distanse. Det er langt på veg å dolke sitt eige NM-arrangement i ryggen.

Vi veit kvar for eit rabalder det vart no i vår da Petter Nordthug ville reise til Moskva og gå godt betalt oppvisningsrenn der same helga som det var NM i Nybygda. Skiforbundet aksepterte det ikkje, og Petter måtte pent prioritere NM.

Friidrettsforbundet ikkje berre tillet, men legg til rette for at somme av dei beste løparane i landet stiller opp på same distanse i utlandet same helga som NM går. Stort klarare går det ikkje an å seie at ein norsk meisterskap er uviktig.

At løparane sjølv føretrekk å springe der ramma er festlegast og sjansane for gode tider er størst, er på ingen måte rart. Og noko nytt er det ikkje at dei beste ikkje "bruker opp" den eine av sine to årlege maratonsjansar på å springe NM. Verken Ingrid Kristiansen, Geir Kvernmo, Grete Waitz, Øyvind Dahl, Stine Larsen eller Karl Johan Rasmussen stilte nokon gong opp i maraton-NM.

For tida har vi ikkje flust med internasjonale stjerner, og da burde det vera eit realistisk mål å laga NM slik at det blir attraktivt for både dei beste og dei nest beste å stille.

Dei klarer det i Sverige – kvart år, sjølv om løypa er både varm og tung. Skal vi få til det også her i landet, krev det at dei som avgjer både dato og stad for arrangementet har ein plan med det dei held på med.

.....................................................

Les alle artikklene fra NM i KONDIS
Bli medlem i KONDIS og få hele 8 nummer i året med KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende


Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!
MAI 2007
ÅRGANG 2007
KONDISARKIVET