Drøymer om VM i Oslo
Som busett i Sandnes skulle alt ligge til rette for å satse på friidrett, men det er likevel langrenn Henrik Ingebrigtsen likar best. Og han ser heilt fram til VM i Oslo i 2011.

Av Kristin Roset

- Det hadde vore fantastisk moro å gå VM på heimebane, seier 15-årige Henrik Ingebrigtsen frå Sandnes.

Og det skal ikkje stå på talentet for å kunne nå målet. Sist vinter henta han heim både gull og bronse i Hovudlandsrennet. I friidrett kan han i tillegg vise til svært sterke tider på mellom anna 800 m, 1500 m og 3000 m og 5000 m. Men det er skisporten som lokkar mest.

Mykje rulleski

- Det gir mest fart og spenning, og eg klarar å ta meg heilt ut i når eg går langrenn. Det er klart at mangelen på snø ikkje er det mest optimale, men eg har gått mykje på rulleski, og så køyrer familien til Sirdal fleire gonger i veka. Dei er veldig ivrige, fortel han.

Og med tre brøre som er minst like glade i idrettsleg aktivitet, vert det mykje reising til og frå ulike konkurransar. Men familiemedlemmane held ikkje følgje med Henrik lengre, så det blir ein del økter åleine.

- Det blir mange einsame økter, men to gonger i veka trenar eg saman med friidrettsgruppa i Sandnes. På tysdagar har vi intervall. Det kan vere alt frå 200 metrar til 1000 metrar. På torsdag står sprint på programmet. Elles trenar eg mykje rulleski. Det blir tre eller fire økter i veka der eg varierar mellom klassisk, skøyting og staking. Eg har òg ei økt med rein styrke og sjølvsagt nokre langturar i skogen, fortel den aktive guten.

Vil til topps

Han har klåre mål med treninga si. I vinter vil han gjerne forsvare gullet frå Hovudlandsrennet, men distansane er lengre no når han er eit år eldre, og i tillegg må han gå sprint. Det ser han berre på som ei utfording.

- Eg vil gå til topps, men kan kanskje ikkje forvente det på alle disiplinane. Det blir spennande å sjå korleis det går. Eg håpar at eg skal vise like gode resultat i klassisk som i skøyting. Sjølv meinar eg at eg skal vere like god, men fjorårets resultat viste at det var skøytinga som klaffa best. Det blir spennande å sjå, seier han. Og med eit mål om VM-deltaking i 2011 skjønar ein iallfall at viljen er på plass.

Bli medlem i KONDIS og få hele 8 nummer  i året med
KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende


Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!
DESEMBER 2006
ÅRGANG 2006
KONDISARKIVET