God jul og godt nytt år!
2006 har vore eit godt år for Kondis, norsk organisasjon for kondisjonsidrett, med opptur og framgang på alle områder. Då vi sendte ut julenummeret i fjor, kunne vi feire at vi hadde over 10.000 medlemmar. Medlemsveksten held fram og nærmar seg no 11.000. Kondis.no melder om stadig nye besøksrekordar. Om lag 6000 unike brukarar er innom kvar dag, og kondis.no blir oftare og oftare referert til og sitert frå i ulike media. Kondis har i løpet av siste året lagt ned eit stort arbeid i å lage omfattande nettbaserte terminlister for løp, sykkel og turrenn. Kondis.no er med dette vorte det aller største ”oppslagsverket” for norsk kondisjonsidrett.

Medlemane har fått meir for kontingenten. Det bladet du no held i handa er nummer åtte i år, og det er eitt nummer meir enn vi har hatt tidlegare. Med dette julenummeret på 80 sider, som òg inneheld Vinterterminlista, har du totalt fått 528 sider tettpakka med lesestoff i år. Det blir hevda at ingen sportsblad har så mykje stoff som Kondis per nummer. Kondis har særs stor breidde i stoffutvalet og kan ha inntil 40-50 ulike artiklar i eit nummer på 64-80 sider. Likevel rekk vi ikkje over alt vi gjerne skulle ha skrive om.

Stayer
Difor helsar vi velkomen det nye "kondis"-bladet, Stayer, som du får som vedlegg til dette julenummeret. Det er nok fleire som stussar over at Kondis’ distribuerer det mange vil sjå på som eit konkurrerande blad, men for Kondis er ikkje Stayer ein konkurrent. Kondis er ein idealistisk serviceorganisasjon som arbeider for å auke interessa før springing og andre kondisjonsidrettar. Vi skal stimulere til, fremje og ikkje minst skape auka positiv medieblest om kondisjonsidrett. Stayer er eit viktig og flott bidrag til å få stoff om kondisjonsidrett ut til stadig fleire. Kondis håpar og trur at Stayer vil bidra positivt til medlemsveksten i Kondis.

Gje Kondis som jule- og nyttårsgåve!
På vegne av styret og administrasjonen i Kondis takkar eg alle nye og gamle medlemar for støtta til arbeidet vårt. Mange medlemar gjer også ein stor idealistisk gratisinnsats for Kondis, mellom anna som distriktsrepresentantar, Kondis- og Kondis.no-medarbeidarar, fulle av entusiasme og begeistring. Dugnadsånda lever så absolutt i Noreg, og mange opplever å ha noko meiningsfullt å brenne for i eit motiverande og inspirerande miljø. Denne dugnadsånda har mellom anna produsert over tusen artiklar på kondis.no – ikkje minst på lokalsidene – og i bladet Kondis det siste året. I tillegg kjem dei over tusen artiklane som er skrivne av den lønna staben.

Kondis har ambisjonar om vidare vekst og utvikling med forbetringar på alle områder. Skal vi klare det, må vi ha fleire i lønna stilling, noko som krev større inntekter. Våre inntekter er annonsar og medlemskontingent. Kondis får dessverre ikkje noka form for statleg stønad. Difor vil eg runde av med å gje deg eit julegåve- og nyttårsgåvetips: Gje eit medlemskap for 2007 inkludert abonnement på Kondis. For berre kr. 219 får vedkomande fritt tilsendt Kondis nummer 7 og 8 i 2006 i tillegg til alle 8 nummer av Kondis i 2007 og den innhaldsrike treningsdagboka til Kondis. I tillegg kjem alle medlemsfordelane (og vervepremiane) som du kan lese meir om på kondis.no der du også lettast vervar nye medlemar og gjev Kondismedlemskap som gåve.

Følg med, bli inspirert og hald deg dagleg oppdatert på Kondis.no!

Christian Prestegård
Kondis-president


Bli medlem i KONDIS og få hele 8 nummer i året med
KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende


Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!
DESEMBER 2006
ÅRGANG 2006
KONDISARKIVET