Raudgrøn glede
Ein skal ikkje blande idrett og politikk, heiter det, men i sommar tikka det inn ei pressemelding frå kulturministeren i e-postkassa mi:

- En gledens dag for norsk bilsport, var overskrifta. Og det heldt fram:
- Jeg vil gratulere norsk bilsport med at man har lykkes i arbeidet for å få en VM-runde i rally til Norge, sier kultur- og kirkeminister Trond Giske.
Det internasjonale bilsportforbundet (FIA) vedtok i dag å tildele Norge en VM-runde i rally i 2007.
- En VM-runde vil bidra til å heve interessen for denne sporten her i landet. Men en VM-runde vil også være en viktig begivenhet for hele landet og spesielt for innlandsregionen. Måten kandidatløpet ble gjennomført på siste vinter, gjør at jeg har stor tro på at også den offisielle VM-runden vil bli en suksess, sier statsråden.
- Noen var kritiske til at vi investerte så mye for å få prøverunden, men dette vil nå betale seg. Rally-VM vil også være en fantastisk markedsføring for Norge. Det er all grunn til å gratulere Norges Bilsportforbund og Rally Norway med tildelingen, avslutter Giske.

Statsminister Stoltenberg gratulerte òg, og meinte Rally-VM var viktig. For å få VM-runden til Noreg hadde regjeringa først løyvd 17 millionar statsbudsjettkroner til prøverunden og ei stund seinare bladd opp nye 6,5 millionar. Til saman nesten 24 millionar – for å få nokre raske bilar til å køyre fort i svingane i innlandet austafjells.

Folkehelsa

Og det er da eg tek til å undrast over kva det er som er så raudgrønt med bilsport – at ein må løyve 24 millionar kroner over statsbudsjettet for å få ein VM-runde til landet? Viss ikkje ein bilindustri proppfull av pengar klarer å finansiere sine eigne leikar, kven skal klare det da?

Særleg miljøvennleg er det heller ikkje – å køyre langt og fort med bensinslukande bilar i det som ein gong var stille skogar. Er det folkehelsa ein tenkjer på – og det burde kan hende ein idrettsminister gjera – så klarer neppe ein VM-runde i rally å komma over på plussida same kor mykje ein legg godviljen til. Vil ein drive helseførebyggjande tiltak for til dømes å minske sjukefråveret, så finst det andre tiltak som fungerer betre.

Eg minnes den gongen Røkke og co. arrangerte offshorekonkurranse med dei raske båtane sine i hamnebassenget i Oslofjorden. Da slapp dei å betale politirekninga for å halde orden på folka som skulle sjå på rikingane frå Aker Brygge.

Når folk set seg sjølv i rørsle og spring Oslo Maraton langs den same bryggja, må arrangøren betale dyrt for både politivakthald og leige av Rådhusplassen.

Her er pressemeldinga som aldri kom frå den raudgrøne ministeren:

En gledens dag for norske mosjonister

- Regjeringa har bevilget 23,5 millioner til arrangørene av norske mosjonsløp, sykkelritt og turrenn. Pengene vil særlig bli brukt til å få aktivisert den mest passive delen av befolkningen. En del av bevilgningen vil også bli brukt til å etablere attraktive jogge- og sykkelstier slik at stadig flere velger sykkel og joggesko i stedet for bil.

Dette er rødgrønn politikk på sitt beste – oppsummert i følgende stikkord: Bevegelsesglede, naturopplevelse og helse, er gladmeldinga frå den ministeren vi aldri fekk.

Bryr seg

Solberg og Subaru, Røkke og oljesjeikane klarar seg om dei må betale gilda sine sjølv.

Skogen og det opne rommet der ingen motor brøler, krev at nokon bryr seg og tek vare på.

Runar

Bli medlem i KONDIS og få hele 8 nummer  i året med
KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende


Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!
OKTOBER 2006
ÅRGANG 2006
KONDISARKIVET